Hopp til innhold
X
Innhald

Dingen Tønde- og Trævarefabrik

Eigar og tilsette ved Dingen Tønde- og Trævarefabrik i 1935. Frå venstre eigar Peder Strand, Ragnvald Sæternes, Olai Dingen, Sverre Austgulen, Martin Opdal, Magnus Austgulen og Helge Strand. Ukjend fotograf. Eigar: Agnes Strand/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Dingen Tønde- og Trævarefabrik vart bygt i 1908 av Johannes Steine. Han hadde i 1905 starta ein trevarefabrikk i Fardal i Sogndal, men flytta maskinene til Dingja då han gifta seg med dottera til handelsmann Otto Schreuder i Skjerjehamn.

Han kjøpte fallrettane i elva i Dingja frå Bergens-firmaet Behrens & Kahrs og bygde kraftstasjon der i 1917. Stasjonen forsynte også resten av grenda med elektrisk straum - lenge før andre i Gulen fekk innlagt straum. Ved fabrikken vart det m.a. produsert dører og vindauge for Bergens-marknaden.

Den tidlegare tønnefabrikken i Dingja i 2007. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Den tidlegare tønnefabrikken i Dingja i 2007. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Klippfisk og shoddy i Dingja

Då Otto Schreuder flytta til Bergen i 1918, overlet han drifta av Skjerjehamn til svigersonen Steine, som no selde fabrikken i Dingja til Peder B. Strand. Han hadde starta landhandel i Dingja i 1916. Han heldt til i huset som tidlegare hadde husa ein shoddyfabrikk, og var også post- og telefonstyrar.

Fabrikken utvida

Strand utvida no fabrikken og dreiv den til han døydde i 1960. Sonen Helge Strand overtok, men måtte innstille etter kort tid. Fabrikkanlegget stod ubrukt til 1990, då barnebarnet til Peder B. Strand, Åse Lene Vatne, bygde det om til turistføremål med fire husvære, forsamlingslokale og båthamn. Ho driv også Dingja Landhandel, som i 1981 bygde nytt forretningsbygg.

Den tidlegare tønnefabrikken husar no landhandel og feriesenter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den tidlegare tønnefabrikken husar no landhandel og feriesenter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 09.08.2010