Hopp til innhold
X
Innhald

Dingja Fiskeoppdrett

Dingja Fiskeoppdrett vart starta i Dingja i 1982 av Ole Steinset. Han søkte også om konsesjon til å byggje setjefiskanlegg med ferskvatn frå Dingjavatnet, men fekk avslag.

Seinare har Ola Braanaas med Firda Settefisk fått konsesjon på å byggje setjefisk i Dingja.

I 1990 gjekk Dingja Fiskeoppdrett konkurs. Ove Unneland overtok konsesjonen - sjå: Ove Unneland og Pan Fish. Men drifta i Dingja vart etter ei tid avvikla, og avtalen med grunneigarane sagt opp.

Les meir om oppdrett i Gulen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.06.2008