Hopp til innhold
X
Innhald

Domstein-konsernet

Domstein-anlegget på Trollebø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Domstein-anlegget på Trollebø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Det børsnoterte Domstein-konsernet har hovudsete i Måløy, og var fram til 2010 eitt av Noregs største fiskekonsern med mange tusen tilsette i Noreg og utlandet.

Ved oppkjøp og samanslåingar har Domstein Pelagic sidan 1990-talet vakse til eitt av dei største fiskeriselskapa i verda innan sild og makrell, og Domstein Enghav er eit leiande selskap innan ferdigvareproduksjon- og distribusjon i Norden og store delar av Europa. Domstein er også stor eigar i den norske fiskeflåten gjennom Ervik Havfiske A/S.

Tok over konkursbu i 1925

Det heile starta i 1925 i Måløy då bondeguten Rasmus Domstein frå Dombestein ved Davik tok over «Vedvik-buda» i Måløy etter konkursen til brørne Fiskeripionérane Rasmus og Johan Vetvik. Sidan har Domstein vore ei familiestyrt verksemd, og trass i ei verdsomspennande verksemd, har dei halde fast ved Måløy som hovudbase.

Domsteinbuda i Måløy i 2006. I 2014 vart det lagt planar om å byggje buda om til 24 leiligheiter under namnet Bryggen Panorama. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Domsteinbuda i Måløy i 2006. I 2014 vart det lagt planar om å byggje buda om til 24 leiligheiter under namnet Bryggen Panorama. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lokal ekspansjon sidan 1970-talet

Sonen til Rasmus, Knut Domstein, kom med i leiinga i sildeåra på 1950-talet, og under Knut si leiing starta firmaet frå 1960-talet og frametter oppkjøp og bygging av store fryseri og fiskeforedlingsanlegg i Vågsøy og nabokommunane Bremanger, Selje og Flora:

Domstein overtok på 1960-talet det store fryseriet og fiskemottaket som Sogn og Fjordane Fiskesalslag hadde bygd på Raudeberg. I 1979 kjøpte Domstein Aleks Refvik sitt anlegg som låg vegg i vegg med fiskesalslagsanlegget.

Makrell på samlebandet til Domstein. Foto: NRK.

Makrell på samlebandet til Domstein. Foto: NRK.

Raudebergsanlegga vart mykje utvida, men sviktande marknad og årlege tap på ca. åtte millionar kroner gjorde at anlegget vart lagt ned som produksjonsanlegg i 2002.

Domstein eigde ei tid også tidlegare Kvalheim & Co. sitt store anlegg på Sæternes i Måløy, men selde dette i 1993 til EMY Fish AS.

Etablerte seg i Kalvåg

I 1980 bygde Domstein-konsernet Bremanger Fiskeindustri på sørsida av hamna i fiskeværet Kalvåg. Denne verksemda fekk 82 fast tilsette og vart den største fiskeriverksemda i Bremanger kommune. I 2006 signaliserte dessutan Domstein at dei kunne tenkje seg å starte drift i det konkursråka Bremanger Fryseri AS med tanke på å drive det som ei underavdeling av Bremanger Fiskeindustri.

I 1985 overtok Domstein-konsernet Selje Fiskeindustri AS (sjå Fiskeverksemder i Selje) ved Moldefjorden i Selje, eit anlegg som sysselset kring 45 årsverk.

Domstein-konsernet satsa tungt på den nye oppdrettsnæringa frå 1988 då dei kjøpte den nedlagde hermetikkfabrikken til Norway Foods i Florø og bygde den om til lakseslakteri og fryseri under namnet Florø Fiskeindustri A/S.

– Les meir nedanfor om Domstein sitt engasjement i oppdrettsnæringa.

Ut av Måløy sentrum

I 1993 vart eit nytt produksjonsanlegg på Trollebø på fastlandssida opna av HM kong Harald 5. Den nye fabrikken på 12.500 kvadratmeter kosta 200 millionar kroner og vart bygd i samarbeid med SIVA (Statens Industrivekstanlegg), og var den største i sitt slag i Europa.

Samstundes vart tre umoderne anlegg i Måløy sentrum lagde ned. Ei av Måløy-budene – anlegget etter Arnt & Simon Midtgaard – vart bygd om til eit staseleg hovudkontor for Domstein- konsernet.

Administrasjonsbygget til Domstein-konsernet i Måløy. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Administrasjonsbygget til Domstein-konsernet i Måløy. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Anlegget på Trollebø sysselsette fram til 2005 kring 200 tilsette, men etter auka konkurranse frå Kina på fiskefilét vart kring 100 oppsagde våren 2005.

Store internasjonalt

Under Knut Domstein sine tre søner; konsernsjef Rolf Domstein, Domstein Pelagic-sjef Gunnar Domstein og salsdirektør Knut Magne Domstein, har Domstein-konsernet vakse seg til eitt av dei største fiskerikonserna i Europa. Dotterkonsernet Domstein Enghav (sjå nedanfor) har fleire verksemder i Sverige, der også hovudkontoret ligg, og har sidan tusenårsskiftet også kjøpt opp ei mengd fiskeforedlingsbedrifter langs Norskekysten.

I 2006 skipa Domstein Pelagic (sjå nedanfor), eitt av dei største selskapa i verda innan sild og makrell då det slo seg saman med dei norske konkurrentane Global Fish og det Bergens-baserte Westcoast AS. Hovudkontoret for det nye selskpet skal liggje i Måløy.

Omsetninga i Domstein-systemet ligg årleg på mange milliardar kroner.

 Gunnar Domstein. Foto: NRK

Gunnar Domstein. Foto: NRK

Domstein Pelagic

Domstein Pelagic er under leiing av Gunnar Domstein bygd opp til eitt av dei største produksjonsselskapa for sild og makrell i Noreg, med produksjonsanlegg i Måløy, Selje, Kalvåg og Bodø, og fryselager på Raudeberg og i Vadsø. Det kjøpte seg også inn som medeigar i ein fabrikk for vidareforeling av sild i Ljimiuden i Nederland.

I oktober 2006 vart det kjent at Domstein Pelagic, Global Fish og det Bergens-baserte Westcoast AS vert slegne saman. Men forhandlinga stranda då Westcoast ikkje gjekk med.

Norway Pelagic størst i verda

I staden gjekk Domstein Pelagic AS i 2007 saman med Global Fish AS, Bergen Fiskeindustri AS, Koralfisk AS på Avaldsnes og Bernt Hansen Eftf. AS i Tromsø og skipa det største selskapet for sild og makrell i verda – Norway Pelagic. Dei fem selskapa har til saman ei årleg omsetning på kring to milliardar kroner. Selskapet starta verksemda i juli 2007 og fekk hovudkontor i Måløy og avdelingskontor i Ålesund. Gunnar Domstein vart første administrerande direktør i Norway Pelagic. Men i 2011 vedtok styret i konsernet å flytte hovudkontoret til Ålesund. Det betyr at ti arbeidsplassar forsvinn i Måløy. Gunnar Domstein heldt fram som adm. dir. med kontor i Måløy nokre månader. Då vart det tilsett ny direktør med base i Ålesund. Også fiskebåtreiarlaga Vestbas i Bremanger og Fiskebas i Florø har skote inn aksjekapital i Norway Pelagic AS. I 2010 kjøpte Norway Pelagic fiskeriverksemdene Brødrene Myhre og Emy Fish i Måløy for til saman 43,5 millionar kroner.

Lossing av sild på anlegget til Norway Pelagic i Måløy.

Lossing av sild på anlegget til Norway Pelagic i Måløy.

Selde seg ut i 2010

I 2010 selde Domstein-konsernet alle aksjane sine i Norway Pelagic til Austevoll Seafood ASA for 303,2 millionar kroner. I september 2011 tok Norway Pelagic i bruk eit nytt fryselager med ein lagringskapasitet på om lag 20.000 tonn og til ein kostnad på 66,5 millionar kroner på Trollebø. I 2012 inngjekk Norway Pelagic avtale med Domstein om leige av produksjonslokale på Trollebø etter av kvitfiskproduksjonen til Domstein vart lagd ned. Dermed vart det meste av aktiviteten ved filetfabrikkane ved Brødrene Myhre og Emy Fish i Måløy flytta til Trollebø. Norway Pelagic auka i september 2012 kapasiteten på sild frå 600 til 1200 tonn i døgeret på Trollebø. Norway Pelagic har leigeavtale på lokala i Måløy fram til utgangen av 2015 og vil i den perioden bruke dei til sesongarbeid. I 2014 fusjonerte Austevoll Seafood og Kvefi AS og tok namnet Pelagia AS. 13 produksjonsanlegg skifte dermed namn frå Norway Pelagic til Pelagia.

Fryselageret som Norway Pelagic tok i bruk på Trollebø i 2011. Foto: Bjarne Eldevik.

Fryselageret som Norway Pelagic tok i bruk på Trollebø i 2011. Foto: Bjarne Eldevik.

Fryselageret på Trollebø kan ta 20.000 tonn, og det tek tid å fylle det. Foto: Bjarne Eldevik.

Fryselageret på Trollebø kan ta 20.000 tonn, og det tek tid å fylle det. Foto: Bjarne Eldevik.

Ferdigvaredivisjonen Domstein Enghav

Ferdigevaredivisjonen starta i 1990 då Domstein kjøpte opp svenske FestAB, som saman med salsselskapa Enghav og Nordkyn då hadde ei årleg omsetning av fiskeprodukt i Skandinavia på 350 mill. kroner. I 2000 kjøpte ein også 50% av det belgiske fiskematkonsernet Peters, som har ei omsetning på 1,5 milliardar kroner og avdelingar i Belgia, Storbritannia, Sveits og Frankrike.

Leiinga for ferdigvareproduksjonen vart frå årsskiftet 2002/2003 flytta til Kungshavn i Sverige, der Domstein Enghav-leiinga held til. I 2005 kjøpte Domstein fiskematprodusenten Iglo Haugesund , fiskegrossisten Breivik &Co. i Bergen, Vest Engros i Randaberg ved Stavanger og Karmøy Delikatesse AS. Dei to siste er også fiskegrossistar og distributørar av kjølevarer. Til saman hadde desse selskapa driftsinntekter på over 220 millionar kroner i 2004.

I 2006 kjøpte Domstein-konsernet opp grossist- og fiskedistributørverksemda Reinhartsen AS i Kristiansand. Denne verksemda hadde i 2005 ei omsetning på 40 millionar kroner. Same året kjøpte Domstein det svenske selskapet Atmospack Kungshamn som produserer kjølt fisk og fisk i forbrukarpakningar. Atmospack omsette for 45 millionar svenske kroner i 2005. I 2006 kjøpte Domstein Enghav trønderfirmaet Matgrossisten AS, eit selskap som sidan starten i 1999 har distribuert matvarer frå småskalaprodusentar i Trøndelag. Domstein Enghav er også medeigar i eit fiskemottak i Loppa. Kjøpa er ein lekk i Domstein Enghav si satsing på å verte leiande i distribusjon av ferskfisk i Noreg og Sverige.

Domstein Enghav dreiv i 2007 ferdigvareproduksjon i Vardø, Måløy, Haugesund, Kungshamn og Lysekil. Salsorganisasjonen femner om kontor- og transporteiningar i Måløy, Bergen, Haugesund, Stavanger, Kristiansand, Våler, Oslo, Kungshamn, Silkeborg og Helsinki.

I 2008 slo Domstein Enghav seg saman med konsernet Naustvik Holding for å verte den største leverandøren av fisk og sjømat til den norske marknaden. Konsernsjef Rolf Domstein er styreleiar i det nye selskapet som tek sikte på å selje for meir enn ein milliard kroner i året. Domstein ASA er største eigar i selskapet med ca. 40 prosent. Det største eigaren i Naustvik, Dolphin Management AS vert blir nest største eigar med i overkant av 25 prosent.

I 2013 gjekk Enghav konkurs, og Domstein ASA kjøpte deretter selskapet og flytta hovudkontoret til Måløy. Det nye namnet på selskapet vart Domstein Sjømat med Rolf Domstein som dagleg leiar.

Domstein-anlegget i Kungshamn i Sverige, der leiinga for Domstein Enghav er plassert. Foto utlånt av Domstein-gruppen.

Domstein-anlegget i Kungshamn i Sverige, der leiinga for Domstein Enghav er plassert. Foto utlånt av Domstein-gruppen.

Medeigar i fiskeflåten

For å sikre råstoff til anlegga sine har Domstein sidan midten av 1990-talet investert mykje i lineflåten som medeigar i den store lineflåten som har base i Ervik på Stadlandet: Domstein-gruppa eig frå 1995 halvparten av aksjane i Ervik Sjøfisk Invest, som kontrollerer 16 linebåtar med 200 tilsette, og i 2000 hadde ei omsetning på 200 mill. kroner (sjå Ervik Havfiske A/S).

Domstein inn og ut av oppdrett

Oppdrettsdivisjonen i konsernet vart skipa i starta i 1985 og fekk base i Florø. Divisjonen heitte Domstein Salmon AS, og bygde seg på 1990-talet opp til det største oppdrettsselskapet i Sogn og Fjordane. Eitt av oppdrettsanlegga som gjekk inn i Domstein Salmon var det tradisjonsrike Svanøy Havbruk som Svanøy Stiftelse dreiv på Svanøy. Florø Fiskeindustri A/S vart skipa i 1988 då Domstein-konsernet i Måløy kjøpte den nedlagde hermetikkfabrikken til Norway Foods (sjå Fiskeriverksemder i Flora) i Florø og bygde den om til lakseslakteri og fryseri. Ein kortare periode vart det også drive filetproduksjon i anlegget.

I 2000 selde Domstein-konsernet all oppdrettsverksemda si til det Helgeland-baserte Fjord Seafood ASA mot betaling i aksjar. Domstein er dermed største aksjonær med 18 prosent i det som er det tredje største oppdrettsselskapet i verda med kring 2700 tilsette (2004-tal) i Noreg, Belgia, Skottland, Chile og USA.

Florø Fiskerindustri AS heitte i 2004 Fjord Seafood Norway AS avd. Florø og var då det største lakseslakteriet i Sogn og Fjordane (2004) med 50 tilsette.

Mangemilliardæren og skipsreiaren John Fredriksen, den rikaste i landet, kjøpte i 2005 heile aksjeposten som Domstein-gruppa eigde i Fjord Seafood, og kontrollerte med dette kjøpet 25 prosent av aksjane i Fjord Seafood – eit selskap som då hadde 2638 tilsette.

– Les meir om dette under Pan Fish.

Fusjon mellom Fjord Seafood og Cermaq stranda

I mars 2002 var det planar om å slå saman Fjord Seafood og Cermaq - tidlegare Statkorn Holding, etter at Stortinget i 2000 vedtok redusere Statens sin eigardel i Cermaq til 34 prosent. Det nye selskapet skulle verte eitt av dei største oppdrettskonserna i verda med 7000 tilsette. Den norske staten skulle eige 35 prosent og Domstein kring 10 prosent.

Rolf Domstein skulle verte styreformann. Men samanslåinga vart ikkje noko av etter at ei aksjeutvding ikkje gav det forventa resultatet og generalforsamlinga i Fjord Seafood difor røysta imot samanslåing. Fjord Seafood hadde fram til 2005 kjøpt seg opp til 12,9 prosent i Cermaq, og gjorde samstundes eit nytt forsøk på å slå dei to selskapa saman. Med leiinga i Cermaq avviste samanslåingsplanen.

Frå ein av dei siste dagane med filetproduksjon på Trollebø. Foto: NRK.

Frå ein av dei siste dagane med filetproduksjon på Trollebø. Foto: NRK.

Slutt på filetproduksjonen

I 2012 avvikla Domstein ASA produksjonen av filetar av kvitfisk på Trollebø. Det førde til at 85 tilsette miste arbeidet, og det tidlegare så store Domstein-konsernet vart endå mindre. Svært få av arbeidsplassane i konsernet er etter nedlegginga av filetproduksjonen lokalisert til Vågsøy. Produksjonen av filetar vart overteken av firmaet A. Espersen på Bornholm i Danmark.

Seifilet i Kalvåg

I 2012 inngjekk Domstein samarbeid med Brødrene Larsen AS om produksjon av seifiletar i Kalvåg. Dette kan i første omgang gje 20-30 sesongarbeidsplassar.

Familieselskap igjen

Domstein ASA vart børsnotert i 2001 for å finansiere m.a. kjøpet av Fjord Seafood. Men i 2014 varsla Rolf Domstein at R. Domstein & Co ynskjer å gjere konsernet om til eit familieselskap igjen. R. Domstein & Co eigde då 49,27 prosent av Domstein ASA. Seinare på året sikra Domstein seg full kontroll ved hjelp av laksemilliardæren Gustav Witsøe. I 2014 har Domstein ASA om lag 250 tilsette i Norge og Sverige, av desse 15-20 tilsette ved hovudkontoret i Måløy.


Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.06.2015