Hopp til innhold
X
Innhald

Døsen landhandel

O. S. Høyheim Eftf. på Sva. Foto: Ottar Starheim, NRK.

O. S. Høyheim Eftf. på Sva. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Johan Døsen.

Johan Døsen.

Johan Døsen starta landhandel på Sva i Luster i 1896. Han døydde i 1900, og i 1902 gifta enkja Barbra seg opp att med Georg Sjurson Berge, som heldt fram butikkdrifta til han døydde i 1949.

Då leigde Olav Svabo Høyheim butikken fram til han sjølv tok over eigedomen i 1963. Same året bygde han ny butikk.

I 1991 overtok sonen Øystein Høyheim butikken som vert driven under firmanamn O. S. Høyheim Eftf. og er tilslutta Spar-kjeda (i år 2003).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 22.03.2011