Drægni med landhandel i Skjolden

I dette huset ved utløpet av Fortunselvi starta Thomas Drægni butikk. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.
Tomas Drægni starta i 1862 landhandel i Skjolden, etter først å ha fått avslag frå kommunestyret to gonger. Drægni var også poststyrar.
I 1890 overtok sonen Halvard Drægni butikken, og starta i 1900 produksjon av saft og syltetøy. Han flytta i 1920 til stor, ny fabrikk på Hermansverk - sjå: Drægni AS.
Butikken i Skjolden vart overteken av Kristen Forthun til kring 1958. Etter eit lite opphald, kjøpte Magnus Hauge butikken og dreiv den til han døydde i 1989. Enkja Sofie dreiv til ho la ned butikken i 1991.

Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 21.03.2011