Hopp til innhold
X
Innhald

Draum om storindustri i Arnafjord

Det renn mykje vatn frå  fossane rundt Arnafjorden, og kraftpotensialet er stort. Rundt 1910 var det store planar om kraftutbygging med tanke på storindustri, men det vart det ikkje noko av. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Det renn mykje vatn frå fossane rundt Arnafjorden, og kraftpotensialet er stort. Rundt 1910 var det store planar om kraftutbygging med tanke på storindustri, men det vart det ikkje noko av. Foto: Ottar Starheim, NRK.

A/S Arnefjord var eit fossekompani som sikra seg fallrettane i vassdraga i Arnafjorden i tida frå 1909 til 1917.
Kraftmengda vart rekna til 70.000 hestekrefter, og grunneigarane fekk lovnad om fri straum. Ein kjend mellommann ved store fossekjøp i Sogn på denne tida var overrettssakførar Einar Langberg på Leikanger. Han vart nytta som konsulent og mellommann av grunneigarane på Nese ved fossekjøpa i Arnafjord. Langberg hamna i rettssak med skuldingar om å ha stukke til seg titals tusen kroner for mykje etter denne handelen.

I jobbetida under 1. verdskrig drøymde ein om å nytte vasskrafta i Arnafjord til storindustri, og det vart tumla med planar om å leggje ut 700 dekar til industriareal og bustadbygging i bygda! Kva slags kraftkrevjande industri det var tale om, er ikkje kjent. På fjellet skulle kring 2800 dekar beiteland demmast ned. Industridraumane i Arnafjord døydde då nedgangstidene sette inn etter krigen.

I 1928 overtok eigaren av talkmølla i Framfjorden, skipsreiar Jacob Kjøde frå Bergen, fallrettane til A/S Arnefjord. Ut på 1930-talet overtok Bergens Kreditbank fallrettane i Arnafjord.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.06.2011