Hopp til innhold
X
Innhald

E. Natviks Prenteverk

Natviks Prenteverk deler hus med Firdaposten. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Natviks Prenteverk deler hus med Firdaposten. Foto: Ottar Starheim, NRK.

E. Natviks Prenteverk vart grunnlagt i Florø 1909 av Erik Johannesson Natvik frå Naddvik i Sogn.

Han starta først trykkeri i Lærdal. Frå 1906 dreiv Natvik trykkeri og i Askvoll og var medskipar og gav ut Nordre Bergenhus Folkeblad (seinare Firda Fiolkeblad). Natvik hadde forlagsretten til bladet ei tid.

I 1909 flytta han trykkeriet til Florø, og avisa fylgde med dit. Her endra ho namn til Firda Folkeblad. Natvik bygde eige forretningsbygg i Florø i 1934.

E. Natviks Prenteverk flytta i 1984 til nytt bygg på Evja, og i 1997 til lokala til Firdaposten, som hadde lagt ned sitt eige trykkeri.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 11.05.2010