Hopp til innhold
X
Innhald

E. R. Hestenes

Huset som E. R. Hestenes bygde i 1967. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Huset som E. R. Hestenes bygde i 1967. Foto: Ottar Starheim, NRK.

E. R. Hestenes landhandel på Hestenesøyra vart starta i 1957 av Eilef Hestenes. Han dreiv dei første åra i leigde lokale på dampskipskaia til han flytta inn i eige bygg i 1967.

Ektemaken Anna Hestenes dreiv ei kort tid kafé i 2. etasje i huset.

Butikken til E.R. Hestenes var den siste i Nesjane då den vart lagd ned i 1995.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.10.2009