Hopp til innhold
X
Innhald

E. S. Berge A/S

E. S. Berge A/S elektrofirma vart starta i 1924 av Edvard Sjursen Berge frå Berge i Høyanger. Han hadde gått på sivilingeniør Per Drage sin elektroskule i Måløy før han starta for seg sjølv.

Sonen Sverre Berge tok over som dagleg leiar av firmaet på 1950-talet då E.S. Berge var ei av dei store bransjeverksemdene i elektro i ytre Nordfjord med butikk og verkstad i Måløy.

E. S. Berge A/S hadde på det meste kring 15 tilsette og hadde m.a. det elektriske installasjonsarbeidet på Måløybrua. Firmaet vart lagt ned i 1986.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.01.2010