Hopp til innhold
X
Innhald

Easy Form AS

Nettsida til Easy Form AS.

Nettsida til Easy Form AS.

Easy Form AS er ei mekanisk verksemd som vart skipa i 2005 med m.a. Gunnar Carlson, Ken Carlson, Eivind Flister og folk på Sunnmøre som eigarar.

Verksemda lagar former og anna utstyr til produksjon av båtskrog i kunststoff. Verksemda held til i Blålid.

I 2007 vart selskapa BestMould SUS og Stadt Towing Tank SUS skipa. Dei har investert kring 40 millionar kroner i Blålid. BestMould har bygt eit 70 meter langt tilbygg til anlegget i Blålid, og Stadt Towing tank har bygt eit 180 meter langt testbasseng for båtmodular. I Stadt Towing Tank er det både norske og utanlandske eigarar.

I 2011 var det 21 tilsette i Easy Form.

Det 180 meter lange modelltankbygget i Blålid under bygging i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Det 180 meter lange modelltankbygget i Blålid under bygging i 2007. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.02.2011