Hopp til innhold
X
Innhald

Eides Hotell

Eides Hotell. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eides Hotell. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eides Hotell i Høyanger vart bygd i 1916 av Anders C. Eide frå Bygstad.

Han hadde budd ei tid i Bergen før han flytta til Høyanger. Hotellet hadde frå starten 15 senger, men etter utvidingar i 1921, 1936 og 1973 har det i dag 40 senger. Hotellet var i same slekta heilt fram til 2006, då Roy Solbakken frå Førde kjøpte det. Han eig i tillegg m.a. Førde Hotell (sjå Hafstad Hotell).

Hotellet i Høyanger har etter eigarskiftet fått namnet Høyanger Hotell Eides. I 2008 selde Solbakken hotellet til Frank Ytredal. Han endra namnet til Høyanger Hotell.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.08.2010