Hopp til innhold
X
Innhald

Ein tragisk brann

Her går ein kulturskatt tapt. Hotellet stod tomt då det tok til å brenne natt til 24. januar 2001.

Her går ein kulturskatt tapt. Hotellet stod tomt då det tok til å brenne natt til 24. januar 2001.

I januar 2001 brann hovudbygget på Turtagrø Hotell - dvs. det som var tufta på Ola Berge sitt første hotell - ned til grunnen.

Dette var alt som stod att etter brannen. Foto frå tv-reportasje: Steinar Lote, NRK.

Dette var alt som stod att etter brannen. Foto frå tv-reportasje: Steinar Lote, NRK.

Ei unik biletsamling, eit stort «fjellbibliotek», og andre minne frå tindesportmiljøet rauk med. I 2002 vart eit nybygg med 19 rom og 45 senger teke i bruk. Dette har ein særprega artkitektur som er inspirert av tindeheimen ikring. I tillegg til nybygget, kan hotellet ta imot 55 overnattande i «gamlehotellet» oppe i bakken.

Fjellfolk frå fjern og nær har hjelpt til med å gjenskape «fjellbiblioteket» ved hotellet.

Nyehotellet på Turtagrø fekk ei svært særmerkt utforming. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Nyehotellet på Turtagrø fekk ei svært særmerkt utforming. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.03.2011