Hopp til innhold
X
Innhald

Einar Øen

Førde Servicesenter. Bensinstasjonen vart bygd av Einar Øen i 1960. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde Servicesenter. Bensinstasjonen vart bygd av Einar Øen i 1960. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Einar Øen (1927-2013) bygde bensinstasjon på Hafstad i 1960. Seinare vart bygget utvida med eit tilbygg der m.a. borna til Einar, Grethe og Frank Øen, starta musikk- og videoforretning med firmanamnet Musikkcenteret AS i 1989. Denne forretninga vart lagd ned i 2010. Frank Øen driv og forretninga Førde Multi Media Torg i Førde Torg.

Saman med broren Odd Øen starta Einar Øen bilforretning kring 1970. Dei var dei første forhandlarane av bilmerket Mazda i Sogn og Fjordane.

Bensinstasjonen vart overteken av Helge Rygg og fekk namnet Førde Autosenter, i 1998 overtok Arne Reidar Solheimsnes og i 2002 Terje Dvergsdal. Bensinstasjonen heiter i dag Førde Servicesenter.

Tilbygget som Øen bygde husar Musikkcenteret. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Tilbygget som Øen bygde husar Musikkcenteret. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.08.2013