Hopp til innhold
X
Innhald

Eivindvik Hotell

Eivindvik Hotell. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eivindvik Hotell. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eivindvik Hotell vart bygt i 1979. Bak hotellet stod eit kommandittselskap med Bergens-interesser, med arkitekt Dogger og Galtung Døsvig som sentrale eigarar.

Hotellet heitte dei første åra Eivindvik Vertshus. Men hotellet sleit med drifta og gjekk konkurs. Etter fleire eigarskifte der m.a. Wergeland Eiendom AS var inne, overtok ekteparet Gustav Erik Blaalid og Laila Indrebø hotellet i 2006. Hotellet har 24 senger i hovudbygg og anneks, møtelokale og eit danselokale i kjellaren. Hotellet har skifta namn til Eivindvik Fjordhotell.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.08.2010