Hopp til innhold
X
Innhald

Eivindvik-prosten kjøper skjenkestaden

Skjerjehamn i 2007. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Skjerjehamn i 2007. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

I 1804 vart Niels Griis Alstrup Dahl sokneprest i Eivindvik. Han vart seinare prost og ein av dei mest kjende folkeopplysningsmennene i landet på den tida. Det var denne mannen som Henrik Wergeland skreiv kunne få «Brød af Steen og Aand af Striler»!

(Sjå: Diktet 'Eivindvig' av Henrik Wergeland)

Skjerjehamn i 2007. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Skjerjehamn i 2007. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Ei av dei fremste kampsakene for Dahl, var å få bukt med brennvinshandel og misbruk av rusdrykk. For å få slutt på både gaukehandelen kring kyrkja i Eivindvik og alt som fylgde med brennevinsbula i Skjerjehamn, kjøpte Dahl like godt heile staden i 1840, slik han også hadde gjort då han kjøpte Lovisendal i Brekke i 1827.

Fekk selje brennevin på vilkår

Nathaniel Ross fekk likevel drive garden i Skjerjehamn vidare etter handelen med presten. I 1847 kjøpte Ross Skjerjehamn tilbake frå prost Dahl, men måtte love at han slutta å selje brennevin til bygdefolk, berre til reisande.

I 1854 tok sonen Gabriel Nathanaelsson Ross over og dreiv til han reiste til sjøs i 1861, då målarmeister Wilhelm Schreuder frå Bergen kjøpte Skjerjehamn. No gjekk staden inn i ein glansperiode.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.07.2010