Hopp til innhold
X
Innhald

Eivindvik Slipp og Mek. Verkstad

Eivindvik Slipp og Mek. Verkstad. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eivindvik Slipp og Mek. Verkstad. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eivindvik Slipp og Mek. Verkstad vart starta i 1954 av Lars J. Nygård.

Han hadde starta ein reparasjonsverkstad for båtar på garden sin i Neverdal, men i 1955 øydela eit stort jord- og steinras garden og husa (sjå: Ulukker i Gulen), og Neverdal flytta til Eivindvik. Kort tid etter kom sonen Johannes Nygård inn i drifta. Dei første åra dreiv verksemda vedlikehald av båtar og hadde to slippar som kunne hale båtar på opptil 83 fot. Dei bygde også båtar opptil 26 fot.

Men seinare spesialiserte verksemda seg på bygging av kaier, og har hatt oppdrag over heile Vestlandet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.08.2010