Hopp til innhold
X
Innhald

Eklogitt-gruvene på Engebø

Engebøfjellet inneheld store verdiar. På dette biletet ser vi spora etter prøveproduksjonen, ved fjorden midt på biletet kaianlegget som vart bygt. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Engebøfjellet inneheld store verdiar. På dette biletet ser vi spora etter prøveproduksjonen, ved fjorden midt på biletet kaianlegget som vart bygt. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På 1980-talet vart det starta arbeid for å få i gang gruvedrift på den verdfulle bergarten eklogitt på Engebø (aust for Vevring). Eit verdfullt mineral som heiter rutil, og som vert nytta som fargestoff m.a. i måling, plast, papir og i næringsmiddel, finst i ein konsentrasjon på 3-5 prosent i eklogitten i Engebøfjellet. Difor vert Engebø-gruva rekna som eitt av dei mest framtidsretta mineralfunna i Sogn og Fjordane ved sida av anorthositten i Gudvangen i Aurland kommune.

Gigantplanar

Etter fleire år med prøveproduksjon og uvisse, vart den norske delen av det multinasjonale selskapet Conoco kopla inn midt på 1990-talet. Dei la fram investeringsplanar for 2,5 milliardar kroner for byggjing av kai, lasteanlegg og vegar m.m. Kommunen vart lova 300 nye arbeidsplassar. Conoco skulle få hjelp av storkonsernet DuPont til drifta av gruvene i Engebøfjellet.

Frå utskipingsområdet på Engebø med Gjøringbøvika i bakgrunnen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Frå utskipingsområdet på Engebø med Gjøringbøvika i bakgrunnen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Protestar og prøvedrift

Mange bygdefolk protesterte mot planane som dei meinte ville rasere den vakre fjordbygda. Likevel vart det starta omfattande prøvedrift, og både fjellet og naturen ikring fekk stygge merke etter drifta. Men då DuPont og Conoco skilde lag, lukkast ikkje Conoco å finne nye partnarar, og i april 2001 vart planane om vidare drift skrinlagde.

Nye eigarar

I 2006 selde Conoco rettane til å drive ut eklogitt i Engebøfjellet til det nyskipa selskapet Nordic Mining ASA. Dette selskapet hadde frå starten 2700 aksjonærar, og var skilt ut som eige selskap frå Rocksource ASA. Selskapet sit m.a. på rettar til gullgraving i Sør-Amerika. Førekomstane i Engebøfjellet er rekna til 380 millionar tonn titaniumdioksid med 3-5 prosents konsentrasjon.

Naustdal kommunestyre under avrøystinga om gruveplanane til Nordic Mining 11. mai 2011. Foto: Vidar Gudvangen, NRK.

Naustdal kommunestyre under avrøystinga om gruveplanane til Nordic Mining 11. mai 2011. Foto: Vidar Gudvangen, NRK.

Strid om konsekvensane

I 2008 søkte Nordic Mining om konsesjon for utvinning. Selskapet reknar med at det kan bli rundt 175 arbeidsplassar dersom planane blir realiserte, men motstanden mot gruveplanane er sterk, og ekspertar stridest om fylgjene av eit stort deponi på botnen av Førdefjorden.

Ja frå kommunen

I mai 2011 sa Naustdal kommunestyre med røystetalet 17-4 ja til planane som Nordic Mining har om gruvedrift i Engebøfjellet. I mars 2013 avgjorde Miljøverndepartmentet at spørsmålet om gruvedrift måtte utsettast i eitt år fordi konsekvensane av eit fjorddeponi ikkje var godt nok utgreidde. Men våren 2015 sa regjeringa ja til å gje konsesjon til Nordic Mining både til gruvedrift og fjorddeponi. Dette førde til store protestar frå naturvernhald, og det er planar om sivil ulydnad for å hindre planane.

Motstandarane mot bergverksdrift er redde for at det blir slutt på idyllen på Førdefjorden dersom det blir storstila utskiping av eklogitt frå kaia som vi kan skimte til høgre for båten som er i ferd med å runde Russeneset. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 17.06.2015