Hopp til innhold
X
Innhald

Elias Knutson Furubotten

Nyborg, der det var handel frå 1883 til 1968. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nyborg, der det var handel frå 1883 til 1968. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Elias Knutson Furubotten frå Masfjorden starta i 1883 landhandel på Nyborg ved Gulafjordane. Han hadde før det drive landhandel i Fonnevik - sjå: Margarinfabrikk i Fonnevik.

I 1884 fekk han avslag på søknad om å få selje øl og vin. Furubotten reiste derifrå og starta handel i Kilstraumen på Lindås, og same året var det auksjon over handelsstaden på Nyborg. Kjøpar var masfjordingen Ole Eriksson Sannes, som hadde starta med handel i Kilstraumen nokre år tidlegare. På Nyborg starta han også bakeri og bygde kai i 1894.

Vekst på Nyborg

I 1891 fekk han postopneri med namnet Guløy, og året etter kom telefonstasjonen. I desse åra vart Nyborg eigen skulekrins, ein smed slo deg til her, og grenda vart eit slags senter for bygdene kring Gulenfjorden.

Sonen Erik O. Sandnes kom inn i handelen på Nyborg i 1926. Bakeriet vart lagt ned i 1940. Telefonen vart lagt under Dalsøyra i 1954, båtrutene stoppa i 1966, og postkontoret vart lagt ned i 1968. Erik overlet handel til sonen Oddmund Sandnes i 1963. I 1968 tok Sandnes over Dalsøyra Handelslag og la samstundes ned på Nyborg.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.07.2010