Hopp til innhold
X
Innhald

Elis AS

Dei første åra heldt Elis AS til i denne bygningen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dei første åra heldt Elis AS til i denne bygningen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Elis AS, datafirma, vart skipa i Dale i 1992 av Ove Myklebust. Firmaet har spesialisert seg på utvikling av programvare for fakturering og avrekning, særleg for energibransjen.

I 2005 hadde selskapet 33 tilsette og ei omsetning på kring 35 millionar kroner, med eit driftsresultat på 13,5 millionar kroner. I 2010 var talet på tilsette auka til 63, og omsetninga i 2009 var på 54 millionar kroner.

Hafslund inn som eigar

Hafslund Venture AS og Data In Vest AS var fram til 2010 store aksjeeigarar i firmaet. Då selde dei Elis AS til investeringsfondet Herkules Private Equity Fund III. Ove Myklebust og dåverande dagleg leiar Johnny Haugsbakk kjøpte tilbake 7-8 prosent av selskapet frå dette fondet.

Skifta namn til Enoro

I 2011 kjøpte Elis Holding AS det finske datafirmaet Process Vision OY med 143 tilsette. Popkorn AS på Hamar vart og ein del av selskapet. Til saman har dei tre tidlegare selskapa i 2012 rundt 300 tilsette fordelt på 12 avdelingar, av desse 70 i Dale. I 2012 skifta selskapet namn til Enoro, og Edgeir Aksnes tok over som dagleg leiar.

I 2013 omsette Enoro As for over 100 millionar kroner, og resultatet vart på vel 30 millionar.

Elis AS har flytta inn i lokale som tidlegare var skofabrikk. Foto: Oddmund Haugen.

Elis AS har flytta inn i lokale som tidlegare var skofabrikk. Foto: Oddmund Haugen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.05.2014