Hopp til innhold
X
Innhald

Elling Thingestad

P. Rødahl bensinstasjon på Sæbøtangen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

P. Rødahl bensinstasjon på Sæbøtangen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Elling Thingestad starta bensinstasjon på Sæbøtangen i Høyanger tidleg på 1930-talet.

I 1949 overtok Peder Rødahl frå Molde stasjonen. I 1962 reiv han det gamle anlegget og bygde nytt hus med bilrekvisitabutikk og bilservice.

Sonen Rolf Peder Rødahl vart dagleg leiar på 1970-talet. I 2003 leigde Rødahl bort anlegget. Men etter at leigetakaren gjekk konkurs etter eitt års drift, tok Rødahl over drifta att og har sidan drive bensinstasjonen som automatstasjon for Esso.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.01.2010