Hopp til innhold
X
Innhald

EMY Fish AS

EMY Fish AS held til i den kvite bygningen midt i biletet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

EMY Fish AS held til i den kvite bygningen midt i biletet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

EMY Fish AS vart skipa i 1993 av den japanskfødde Michiko Steenslid.

Før ho byrja for seg sjølv med mekling og sal av fisk gjennom firmaet M. Steenlid Agency hadde ho arbeidd som tolk i japansk for fiskeekportørar m.a. i Måløy. I 1993 kjøpte EMY Fish AS den store Kvalheim & Co.-buda på Sæternes frå Domstein-konsernet. I 1998 trekte Miciko seg ut av firmaet, og brørne Kjartan og Magnus Strand overtok alle aksjane. Sonen til Michiko Steenslid, Jan Erik Steenslid, hadde arbeidd som seljar i firmaet i mange år då han i 2002 tok over som dagleg leiar.

EMY Fish driv produksjon, eksport, import, meklar- og agenturverksemd og hadde i 2006 16 tilsette.

I 2010 vart EMY Fish AS kjøpt opp av Norway Pelagic (sjå Domstein-konsernet).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.03.2010