Hopp til innhold
X
Innhald

Endre Kleiven AS

Endre Kleiven. Foto: Reiakvam Foto.

Endre Kleiven. Foto: Reiakvam Foto.

Ingeniør Endre Kleiven (1917-1997) frå Gaular starta entreprenørforretning i Bergen i 1947, men flytta etter kort tid firmaet til Bygstad, og seinare til Førde. Det første store bygget som Kleiven hadde ansvaret for i heimefylket var Bygstad skule.

Endre Kleiven AS bygde selskapet opp til eitt av dei største entreprenørselskapa i fylket, og hadde m.a. store byggjeoppdrag i aluminiumsbyane i Sogn. I Øvre Årdal og på Årdalstangen har firmaet bygt ein stor del av dei offentlege bygga og større forretningsgardar. I Gaupne er rådhuset, skulen og sparebanken kjende landemerke, og i Lærdal m.a. Lindstrøm Hotell og rådhuset.

I Høyanger hadde Kleiven m.a. hovudentreprisen på bygginga av Tronvik Psykiatriske Behandlingsheim, og på den store utvidinga av Høyanger Verk på 1980-talet. I Gaular kommune bygde Kleiven flyplassen på Bringeland i 1986, og i Førde har entreprenør-selskapet m.a. bygd Huus-bygget og Storehagen bru.

Medan aktivitetane i Sunnfjord er avvikla, vert entreprenørverksemda drive vidare i Sogn under namnet Kleiven Sogn AS, med hovudkontor i Årdal.

Kleiven Sogn held til i Teigen på Årdalstangen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kleiven Sogn held til i Teigen på Årdalstangen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Endre Kleiven AS bygde i si tid Førde Lufthamn Bringeland. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Endre Kleiven AS bygde i si tid Førde Lufthamn Bringeland. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.11.2010