Hopp til innhold
X
Innhald

Endre Trædal landhandel

Tidlegare Trædals Hotell. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tidlegare Trædals Hotell. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Endre Trædal starta i 1894 landhandel i Vadheim. I 1909 selde han butikken til Christian Vik og bygde Trædals Hotell. Trædal og ektemaken Malena var også postopnarar i Vadheim. Endre Trædal var medskipar og banksjef i Vadheim Privatbank.

Trædals Hotell gjekk seinare over til å verte Trædals Pensjonat, som dottera Valborg Trædal dreiv med hjelp frå søstera Anna. Etter ombygging fekk pensjonatet 25 senger. Anna hadde i tillegg postkontoret som heldt til i eit lite bygg ved sida av hotellet.

I dette vesle bygget starta fotografen Chr. Ramsli og ektemaken Malene ein kafé. Kaféen vart driven til slutten 1980-talet av den siste eigaren Anna Frivik. Ei tid var det også ein liten landhandel i bygget.

I dette vesle huset hadde Christian Ramsli fotoatelier og kafé. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I dette vesle huset hadde Christian Ramsli fotoatelier og kafé. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.11.2009