Hopp til innhold
X
Innhald

Enivest AS

Administrasjonen til Enivest AS held til på Øyrane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Administrasjonen til Enivest AS held til på Øyrane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Enivest AS vart skipa i Førde i 2000 med Sogn og Fjordane Energi (SFE) og Sunnfjord Energi som dominerande eigarar med over 90 prosent av aksjane. Selskapet nyttar seg av energiselskapa sitt linenett for m.a. breibandtenester, telefon og andre telefonitenester.

I 2008 hadde Enivest 30 tilsette og ei omsetning på vel 57 millionar kroner. I 2013 hadde omsetninga auka til 96 millionar, og Enivest hadde eit resultat på 12,9 millionar kroner. Talet på tilsette var 38 i 2014.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.05.2014