Hopp til innhold
X
Innhald

Entreprenør- og byggforretningar i Førde

Omtalane er ordna etter startår:

Omtalane er ordna etter startår:

Sjå også: Fabrikkar og verkstader i Førde

Førde Mølle og Sagbruk

med byggjeforretning vart grunnlagt 1926 av A.J. Flaten. Bygdemølla låg nokre hundre meter opp frå utløpet av Jølstra, og er idag ombygd til kontor. På eigedomen vart bustadkomplekset Førde Brygge bygt i 2001.

Endre Kleiven AS

Ingeniør Endre Kleiven (1917-1997) frå Gaular starta entreprenør-forretning i Bergen i 1947, men flytta etter kort tid firmaet til Bygstad og seinare til Førde.

Kleiven Sogn AS

- sjå Endre Kleiven AS og Kleiven Sogn AS under Årdal kommune.

Forretningsfamilien Hjelmeland

Hjelmelands-familien frå Bygstad har spela ei sentral rolle i utviklinga av Førde heilt sidan tidleg på 1950-talet.

G & F. Hjelmelands entreprenørforretning

- sjå Forretningsfamilien Hjelmeland.

Harald Øen

grunnla entreprenørforretning i Førde kring 1950. Utstyret vart i 1970 kjøpt av Ola Drage då han starta si eiga entreprenørforretning i Førde.

Farsund Bygg

vart grunnlagt i 1955 av byggmeister Oddmund Farsund (1924-1996).

XL-bygg Farsund Bygg

- sjå Farsund Bygg.

Byggmakker Bruland. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Byggmakker Bruland. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Viktor Bruland

som og dreiv Bruland Pallefabrikk bygde ut trelast- og byggevareforretning på Bruland. Denne er seinare blitt ein del av Byggmakker-kjeda og har namnet Byggmakker Bruland. Sjå og Handel og fabrikkar på Bruland.)

Byggmakker Bruland

- sjå Viktor Bruland.

Aksel Bruvik

var eit byggevarefirma i Bergen som m.a. bygde ferdighus. I 1969 starta dei avdeling i Førde.

HVH-hus

– sjå Aksel Bruvik.

Bygg og BO AS

– sjå Aksel Bruvik.

Namtvedt A/S

var eit byggevarefirma i Bergen som starta avdeling i Førde i 1969.

Gravdal Byggsenter

er eitt av dei største entreprenørselskapa innan bustadbygging i Sogn og Fjordane med ei årsomsetning på 80 millionar kroner i år 2000 og 25 tilsette. I 1970 starta firmaet eigen takstolfabrikk.

Gravdal Bygg AS

- sjå Gravdal Byggsenter.

Dragebygget på Kronborg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dragebygget på Kronborg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ola Drage

fødd 1944 på Stadlandet starta i 1970 eiga entreprenørforretning i Førde. Han kjøpte då utstyret til tidlegare Harald Øens entreprenørforretning (sjå denne - startår ca. 1950). Drage fekk på 1970- og 1980-talet store oppdrag for Førde Bustadbyggjelag i samband med etableringa av Ankerløkken verft og Sentralsjukehuset. Drage eig også to store forretningsbygg på til saman 8000 kvm på Kronborg i Førde og forretningsbygg i Florø. Han har som investor hatt partar i m.a. skipsreiarlag i Bergen og Hordaland.

Sunnfjord Bygg AS

var eit byggevarefirma som etablerte seg på industriområdet på Øyrane i 1973.

Rieber Bygg

– sjå Sunnfjord Bygg AS.

Neumann Bygg AS

– sjå Sunnfjord Bygg AS.

Magne Hafstad AS blir administrert frå garden til Magne Hafstad. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Magne Hafstad AS blir administrert frå garden til Magne Hafstad. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Magne Hafstad AS

maskinentreprenørforretning vart skipa i 1979 av Magne Hafstad f. 1958. Hafstad starta med eige grustak på gardseigedomen sin i Førde. Selskapet har bygd seg opp til eitt av dei største i sin bransje i Sunnfjord, med 19 tilsette og ei omsetning i år 2005 på 36 millionar kroner. Hafstad bygde i 1999 stort forretningsbygg på Hafstad der m.a. bilforretninga Biltreff held til.

Sogn og Fjordane Bustadbyggelag

Største distrikts-bustadbyggelag i landet med aktivitet i 17 kommunar, i tillegg til engasjement i fritidsbustad-prosjekt i Spania. I år 2000 hadde laget 3634 medlemer og forvalta i eigne burettslag 1552 bustadeiningar.

Førde Boligbyggelag

vart skipa i 1966. Sjå Sogn og Fjordane Bustadbyggelag.

BOiVEST

Sjå Sogn og Fjordane Bustadbyggelag.

Førde Bygg AS

vart starta i 1984 av Aksel Holme, Svein Leirvåg og Wenche Horsevik.

Åsen & Øvrelid AS

vart grunnlagt i 1988 av Leif Arne Åsen og Helge Øvrelid, begge frå Jølster. I 1996 fusjonerte selskapet med Brødrene Sunde, og satsa frå då av også på eigedom – Øyrane Eigedom.

Entreprenørservice AS

i Førde vart skipa i 1998 av Freddy Ulltang og André Grov.

Dvergsdal & Sunde Gruppen AS

er ei vidareføring av entreprenørselskapet Dvergsdal & Sunde som vart starta på Skei i Jølster i 2003.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.11.2011