Hopp til innhold
X
Innhald

Epir AS

Epir AS i Mona på Sandane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Epir AS i Mona på Sandane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Epir AS papir- og kontorrekvisitaforretning, vart skipa i 1972 av bokhandlar Harald Eikenes.

Verksemda gjekk i 1993 inn i S-gruppen, og fekk namnet S-Gruppen ASA Sandane og utvida varespekteret til ei mengd varer som firma og institusjonar treng til kontorhald, drift, reinhald m.m. Verksemda leverer varer til heile Sogn og Fjordane, og hadde i 2007 28 tilsette og ei omsetning på 65 millionar kroner.

I 2007 gjekk S-gruppen ASA inn i Maske Gruppen ASA. I 2013 la Maske Gruppen ned lageret på Sandane, og ni tilsette miste jobben.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.10.2013