Hopp til innhold
X
Innhald

ERAS Metal

Eras Metal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Eras Metal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Energy Recycling AS (Eras) i Høyanger vart skipa i 2003 og starta frå nyttårskiftet 2003/2004 ein fabrikk for attvinning av sink frå stålproduksjon med namnet Eras Metal AS.

Verksemda overtok den nedlagde Slugfabrikken. I 2006 hadde verksemda 23 tilsette, og tok sikte på utvidingar for kring 100 millionar kroner og opptil 15 nye arbeidsplassar.

Høyanger kommune har skote inn 10 mill. kroner i aksjekapital og kontrollerer dermed 34 prosent av selskapet. SND har skote inn 35 millionar kroner.

Eras Metal AS er ein del av konsernet Scan Arc ASA som også eig det svenske Scan Arc Plasma Technologies. Konsernet har hovudkontor i Høyanger. Konsernet planlegg i 2007 ein ny fabrikk i Calais i Frankrike til 340 millionar kroner og med 40 tilsette.

I 2009 vart drifta av fabrikken i Høyanger stansa i fleire månader på grunn av ulovleg utslepp av kvikksølv og flussyre. I 2010 fekk verksemda ei bot på 1,5 millionar kroner for utsleppet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.12.2010