Hopp til innhold
X
Innhald

Erik E. Rønnekleiv

E. E. Rønnekleivs Eftf. i Hyen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

E. E. Rønnekleivs Eftf. i Hyen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Erik E. Rønnekleiv starta bakeri på Straume i Hyen i 1914, og utvida seinare med landhandel. Sønene Eilev og Sverre Rønnekleiv kom med i forretningsdrifta då butikken vart utvida i 1939 og dreiv den sidan under namnet E.E. Rønnekleiv Eftf. Butikken vart utvida i 1979.

Sonen til Sverre, Eldar Erik Rønnekleiv og ektemaken Tone Elisabeth Rønnekleiv, tok over butikken i 1985, og utvida og gjekk over til sjølvbetjening i 1998.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.01.2011