Hopp til innhold
X
Innhald

Erling Fardal

Erling Fardal i Fjøra. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Erling Fardal i Fjøra. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Erling Fardal starta landhandel og bakeri i Sogndal i 1932. Kjellaren leigde han frå 1952 ut til pølsemakar Øystein Widme, og seinare til pølsemakar Ruggesæter.

Fardal avvikla etter kvart daglegvarehandelen og satsa på skotøy og sportsartiklar.

I 1970 kom sonen Jan Egil Fardal med i butikkdrifta, og forretninga flytta inn i nybygg i Sogndalsfjøra i 1972.

Dei siste åra har sportsforretninga vore knytt til Sport1-kjeda.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.11.2010