Hopp til innhold
X
Innhald

Espeli Trevare

Espeli Møbelfabrikk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Espeli Møbelfabrikk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Espeli Trevare vart grunnlagd av Ragnvald Espe i 1954. Han starta då i kjellaren i bustadhuset heime på garden på Espe. Broren Arne Espe kom med i produksjonen i 1955 og vart medeigar nokre år seinare.

I 1957 vart det første verkstadbygget reist, og i 1974 vart dagens produksjonsbygg like ved riksvegen teke i bruk. Namnet vart endra til Espeli Møbelfabrikk. Seinare vart det omgjort til aksjeselskap.

Heilt sidan starten har fabrikken basert seg på produksjon av delar og halvfabrikata til andre møbelfabrikkar på Sunnmøre, i Stryn og på Austlandet. På det meste har Espeli Møbelfabrikk hatt sju tilsette. I 2007 er det fire tilsette ved fabrikken.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.02.2011