Hopp til innhold
X
Innhald

Evebøfoss Fabrikker

Evebøfoss Fabrikker i 1969. Foto: Lyslo.

Evebøfoss Fabrikker i 1969. Foto: Lyslo.

Evebøfoss Fabrikker vart grunnlagt av Anders Hansen. Utvik-guten Hansen hadde to gonger vore i Amerika før han i 1906 kjøpte Evebøfoss Shoddyfabrikk ved Storelva, samt halve fossefallet.

Annonse for Evebøfoss Fabrikker i 1960.

Annonse for Evebøfoss Fabrikker i 1960.

Her hadde kjøpmann Anton Skarstein og Elling Viken drive fabrikk sidan 1888, og hadde 11 personar i arbeid. I Storelva bygde Hansen kraftverk i 1909, som i tillegg til å forsyne fabrikken med kraft, også leverte straum til abonnentar i Sandane sentrum. Ved sida av Vadheim og Stongfjorden, var dette første straumleveransen til vanlege hushald i Sogn og Fjordane.

I 1910 la Anders Hansen om drifta frå shoddy til ullvarefabrikk, og starta saman med eldstesonen Hans A. Hansen Evebøfoss Ullvare-fabrikk. Grunnleggjaren døydde i 1915, og sonen Hans A. Hansen tok over leiinga av verksemda. I 1924 kjøpte han tomt på Elvaneset og bygde stor fabrikk under namnet «Evebøfoss Fabrikker».

I 1940 starta han Evebø Fabrikers Utsal på Sandane og bygde nytt forretningsbygg der i 1952. Dette vart seinare tekstilforretninga Halvor Hansen A/S.

Halvor hansen A/S klesforretning på Sandane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Halvor hansen A/S klesforretning på Sandane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I 1947 skipa tredje generasjon under leiing av Anders H. Hansen Evebøfoss Trikotasjefabrikk A/S. Etter kvart sysselsette fabrikkane vel 100 personar, og vart den største arbeidsplassen i Gloppen.

Verksemda vart hardt råka av krisa i teko-industrien på 1970-talet, og gjekk konkurs i 1974. Verksemda kom i gang att med 80 tilsette under namnet Evebøfoss A/S, og med hjelp frå kommunen flytta Evebøfoss frå Elvaneset til nye industrilokale i Mona i 1978. Fabrikken vart nedlagt på slutten av 1980-talet.

Den nyaste fabrikkbygningen til Evebøfoss Fabrikker på elvaneset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den nyaste fabrikkbygningen til Evebøfoss Fabrikker på elvaneset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.10.2009