Hopp til innhold
X
Innhald

Få med fiske som eineyrke

Ein sjark ved kai på Børholmen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Ein sjark ved kai på Børholmen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kystkommunen Gulen er meir enn andre kystkommunar i Sogn og Fjordane prega av fiskarbonden enn av folk med fiske som eineyrke.

I mindre grad enn nordafor ser vi den reine spesialiseringa på fiskeri: Kommunen har hatt relativt lite fiskeindustri og få havgåande fiskebåtar. Talet på registrerte fiskarar i Gulen har vore lågt til kystkommune å vere: I 1921 t.d. er det registrert 365 fiskarar. Dette utgjorde kring 40 prosent av yrkesaktive, medan kommunane Solund og Nord-Vågsøy til samanlikning hadde 60 prosent av dei yrkesaktive registrete som fiskarar. I Gulen var det meir vanleg med fiske som attåtnæring til bondeyrket.

Les meir om: Fiskeri og oppdrett i Gulen

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.07.2010