Faktaboks

Administrasjonssenter
Balestrand
Fylke
Vestland (frå 01.01.2020, tidlegare Sogn og Fjordane)
Innbyggjartal
1 279 (2019)
Landareal
411 km²
Høgaste fjell
Sunnfjordbjørnen på Jostefonni (1615 moh.)
Innbyggjarnamn
balestrending
Kommunenummer
1418 (fram til 2020)

Kommunevåpenet til Balestrand har et oppvoksende nedvendt sølv sverd mot en blå bakgrunn.

Bebyggelse og hotellet i Balestrand.

Balestrand.

Kart
Kart som viser plasseringa av Balestrand kommune.
Av /Store norske leksikon ※.
Bebyggelse i Balestrand.

Balestrand.

Balestrand

Balestrand. Balholm med Kviknes Hotel, bygd i sveitserstil rundt år 1900. I bakgrunnen Esefjorden. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.

Plassering

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Balestrand var ein kommune i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Den vart i 2020 ein del av Sogndal kommune, og vart samtidig ein del av Vestland fylke. Samanslåinga var del av den landsomfattande kommunereforma.

Kommunegrensene til Balestrand ved samanslåinga i 2020 vart fastlagde i 1964 og 2000. Kvamsøy sokn vart i 1964 overførte frå Vik kommune og Vangsnes sokn til Vik. Hellaområdet aust for Fjærlandsfjordens munning vart samtidig overført til Leikanger kommune. I 2000 vart Fjærland sokn, som ligg rundt Fjærlandsfjorden, overført til Sogndal kommune.

Natur

Landskapet i Balestrand er prega av djupt nedskorne dalar og fjordar mellom fjell. I nord ligg Jostefonni, som er den største isbreen i kommunen og høgaste fjell på 1615 meter over havet. Berggrunnen består av gneis som tilhøyrer Gneisregionen.

Busetnad

Nesten all busetjing i området finst langs fjordsidene der det ikkje er for bratt for busetnad. Berre i botnen av Vetlefjorden strekkjer busetnaden seg oppover i dalen. Hovudtyngda av befolkninga budde ved samanslåinga i dei sentrale delane av kommunen.

Kommunesenteret Balestrand var den einaste tettstaden og hadde 824 innbyggjarar i 2017. Det lokale namnet er Holmen.

Næringsliv

Kviknes Hotel

Kviknes Hotel.

Av .
Lisens: CC BY 2.0

Topografien i Balestrand fører til at berre rundt ti prosent av arealet er produktive marker, og av dette var vel éin prosent dyrka jord ved kommunesamanslåinga. Jordbruket har hovudvekt på husdyrhald og fruktdyrking. Saman med Vik er Balestrand den vestlegaste av dei monalege fruktbygdene i Sogn.

Balestrand er ein relativt liten kraftkommune. Det var ved samanslåinga fem kraftverk i den tidlegare kommunen, med største fallhøgd på 95 meter. Industrien er svært beskjeden, men det fanst plastvare-, trevare- og møbelindustri ved samanslåinga.

Turisttrafikken var ved samanslåinga ei monaleg næring. Dette gjaldt først og fremst i tettgrenda Balestrand, som er ein kjend turiststad sidan siste halvdel av 1800-talet. Her er fleire hotell og pensjonat. Mest kjent er Kviknes Hotel frå 1877, der keisar Vilhelm 2 fekk bodskapen om utbrotet av første verdskrigen i 1914.

Samferdsel

Frå tettgrenda Balestrand går det vegar nordvestover til Sunnfjord over Gaularfjelletriksveg 13, og langs Sognefjorden vestover til Høyanger på riksveg 55 gjennom den 7,5 kilometer lange Høyangertunnelen.

Dragsvik nordaust for kommunesenteret har hyppige ferjesamband med Hella på riksveg 55 og Vangsnes på riksveg 13. Desse ferjene knyter Balestrand til Indre Sogn og områda sør for Sognefjorden. Det går bilferje om sommaren inn Fjærlandsfjorden frå Balestrand, Leikanger og Vangsnes.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Balestrand høyrde til Vest politidistrikt, Sogn tingrett og Gulating lagmannsrett.

Den tidlegare kommunen var med i regionrådet Sogn regionråd saman med Aurland, Høyanger, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal.

Balestrand kommune svarte til soknet Balestrand i Sogn prosti (Bjørgvin bispedømme) i Den norske kyrkje.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Balestrand til Sogn fogderi i Nordre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Balestrand

For statistiske formål var Balestrand kommune delt inn i eitt delområde med til saman sju grunnkrinsar: Vetlefjord, Sværefjorden, Esefjorden, Balestrand, Thue, Kvamsøy og Nessane.

Historikk og kultur

St. Olafs stavkyrkje i Balestrand.

St. Olafs stavkyrkje i Balestrand, som også vert kalla den engelske kyrkje.

Balehaugane er to gravhaugar frå 800 evt. som ligg ved Balestrand. På den eine haugen er det ein statue av sogekongen Bele, som vart reist i 1913 av den tyske keisaren Vilhelm 2.

Kvamsøy kyrkje frå 1200-talet ligg på Kvamsøya i Sognefjorden. Her låg kong Sverre med hæren sin før slaget ved Fimreite i 1184. Ved Målsnes sør for kommunesenteret er det avdekt rike funn frå vikingtida.

Sidan midten av 1800-talet har mange kunstnarar budd i Balestrand. I dag finst det framleis eit aktivt kunstnarmiljø, og det finst fleire mindre galleri i bygda. I sentrum ligg Sognefjord Akvarium, som syner livet i og rundt Sognefjorden. Norsk Reiselivsmuseum vart stifta i 1995 og skal arbeide med kulturhistoriske emne knytte til turismen i dei fire vestlandsfylka. Første etappe av Tour des Fjords 2017 starta ved Kviknes.

Den tidlegare kommunen har ei engelsk kyrkje, St. Olafs stavkyrkje, frå 1897. Kviknes Hotel i Balestrand er ein av dei største trebygningane i Skandinavia.

Kommunevåpenet

Kommunevåpenet (godkjent 1989) hadde eit oppveksande nedvendt sverd i sølv mot ein blå bakgrunn. Motivet var henta frå statuen av kong Bele som står ved Balehaugane, og blir assosiert med oldtidsfunn i den tidlegare kommunen.

Namn

Namnet Balestrand er brukt frå 1849 om prestegjeldet og om kommunen som vart oppretta dette året, av gardsnamnet Bale, norrønt bali, 'jamn bakke ved stranda'. Etter soga stammar namnet frå kong Bele (Bale) som skal vere gravlagd her.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Balestrand, utgitt av Balestrand kommune, 1985-, to bind.
  • Fett, Per: Balestrand prestegjeld, 1954 (Førhistoriske minne i Sogn, bind 8).
  • Laberg, Jon: Balestrand : bygd og ætter, 1934.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg