Hopp til innhold
X
Innhald

Fabrikkar og verkstader i Fjaler

Tønneproduksjon var i mange år ein viktig del av næringslivet i Fjaler. Her er lasteskipet Bonden klar til avgang med ei dugeleg tønnelast frå Dale Tønnefabrikk A/S. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Tønneproduksjon var i mange år ein viktig del av næringslivet i Fjaler. Her er lasteskipet Bonden klar til avgang med ei dugeleg tønnelast frå Dale Tønnefabrikk A/S. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Gamle sagbruk i Fjaler

Alt tidleg på 1500-talet hadde bygdene i Fjaler fleire oppgangssager som leverte tømmer og bord m.a. til Bergen.

Gruvene ved Sørdalsvatnet

- gruvedrift i fleire bolkar etter titan i Saurdalen ved Hellevik.

The Norwegian Titanic Iron Company Limited

– sjå Gruvene ved Sørdalsvatnet.

Norske Titanjern Compagni - Sørdal Jernværk

– sjå Gruvene ved Sørdalsvatnet.

Industristaden Dale

Saman med Holmedal på nordsida av Dalsfjorden, var Dale den mest mangslugne industribygda i fylket kring 1900.

Torvkol-uttak på Fure

Overrettsakførar Kristian Faye frå Bergen og fabrikkeigar Peder Jebsen frå Dale i Hordaland sikra seg ei torvmyr på Fure på sørsida av Vilnesfjorden, og satsa på brenning av torvkol.

Bjordalsstolane

I den vesle grenda Bjordal i Guddalen utvikla det seg på 1800-talet ein spesiell heimeindustri: Produksjon av såkalla «Bjordalsstolar».

Dale Kloggfabrikk

vart starta av bergensaren Johan Jenssen i 1899. Les meir under A/S Jarl Skofabrikk.

Den tidlegare hermetikkfabrikken til O. A. Skaar på Grytøyra. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den tidlegare hermetikkfabrikken til O. A. Skaar på Grytøyra. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Handel og hermetikk på Grytøyra

- landhandel i 1903, dampskipsekspedisjon, hermetikkfabrikkar for krabbe og blåskjel, sardiner, røykelaks, fiskekaker og sursildproduksjon, og til slutt Norsalmon lakseslakteri og pakkeanlegg.

O. A. Skaar

- sjå Handel og hermetikk på Grytøyra.

Norway Foods

- sjå Handel og hermetikk på Grytøyra.

Ivar Bendikson Systad

frå Åfjorddalen starta kring 1910 landhandel og tønnefabrikk nede ved fjorden i Flekke. Då bygningane brann i 1922, flytta han heim til Åfjorddalen og vart gardbrukar. Butikktomta i Flekke er seinare kjøpt av Fjaler kommune til båthamn.

A/S Jarl Skofabrikk

vart starta i Dale i 1911, og vart den største arbeidsplassen i Dalsfjorden. Jarl hadde opptil 220 tilsette på det meste, og var den største arbeidsplassen i fylket utanom tungindustrien.

Dale Kloggfabrikk

- sjå A/S Jarl Skofabrikk.

A/S Jarl

- sjå A/S Jarl Skofabrikk.

AS Clouds of Norway

- sjå A/S Jarl Skofabrikk.

Dale Skofabrikk A/S

- sjå A/S Jarl Skofabrikk.

Dale Sko AS

- sjå A/S Jarl Skofabrikk.

Sagens Bygdemølle

mellom Fure og Hellevik vart starta kring 1910 av Øystein Sagen. Mølla vart driven med vasskraft frå elva og vart lagt ned like etter 2. verdskrig.

Dale i 1960 med Dale Tønnefabrikk midt i biletet. Foto: Dagfinn Reiakvam. © Fylkesarkivet.

Dale i 1960 med Dale Tønnefabrikk midt i biletet. Foto: Dagfinn Reiakvam. © Fylkesarkivet.

Dale Tønnefabrikk

Dale Tønnefabrikk vart starta i 1912 og heldt til i den store «Wilken-bua».

Dale Tønnefabrikk, Kristoffer Hovland AS

- sjå Dale Tønnefabrikk.

Dale Cementstøperi

- sjå Dale Tønnefabrikk.

A/S Torvkulfabrikk

i Verpingsvågen i Hellevik vart bygt av bergensaren Didrik W. Blaauw i 1920. Han var tidlegare kjend som fossespekulant, og hadde i 1908 starta den store gruva i Vik kommune - sjå: Talkgruvene i Framfjorden). Då denne vart totalskadd av brann i 1924, gjekk Blaauw konkurs. Han flytta til Hellevik og budde der resten av livet. Torvkolfabrikken i Hellevik kom aldri i drift.

Lokale meieri

På 1920-og 1930-talet var det fleire lokale meieri i drift i Fjaler: Håland ysteri, Vassdal ysteri og Guddal ysteri. I 1957 bygde Bygstad Meieri ein såkalla «skummestasjon» i Dale. Denne utvikla seg i praksis til eit sjølvstendig meieri, som ei tid hadde stor smørproduksjon.

Det er mange som har gode minne frå fjellturar med Åsnes-ski. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Det er mange som har gode minne frå fjellturar med Åsnes-ski. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Åsnes Skifabrikk

- skieventyret i havkanten starta i 1922 og varde heilt til 2008.

Åsnes Ski AS

- sjå Åsnes Skifabrikk.

Hovland & Rakneberg Tønnefabrikk

Starta i 1926 av Aksel Hovland og svogeren Magnus Rakneberg.

Anton Sagosen

starta skomakarforretning i Dale i 1931, og framstilte m.a. slalåmstøvlar og beksaumstøvlar.

Jens Langeland

starta skreddarforretning i Dale i 1936. Då han flytta i 1939, overtok Anders Langeland verksemda, og dreiv den med tre tilsette.

Leiv Bakkebø

starta båtbyggeri i Aurevågen i Hellevik i 1936 saman med faren Jens.

Bjørn Vik

starta i 1941 skomakarverkstad i Dale, etter først å ha starta i Holmedal i 1931. Han dreiv verkstad på begge stader og produserte beksaumstvslar og slalåmstøvlar som han omsette m.a. til Oslo og Bergen.

Lone Treindustri

vart starta på Lone av Gottfred Weberg frå Stord kring 1947. Den vesle fabrikken hadde fire tilsette og produserte innreiingsartiklar og møblar til den vart lagt ned etter omlag ti års drift.

Brødrene Boge møbelverkstad

Tre brør Boge starta møbelproduksjon i Guddal i 1952.

Statoilstasjonen i Dale. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Statoilstasjonen i Dale. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Andreas Haaland

starta bilverkstad og bensinstasjon i Dale i 1963. Han hadde i nokre år også hatt reparasjonsverkstad for m.a. landbruksmaskiner. Firmaet bygde ny verkstad og bensinstasjon (Statoil) i 1980. Bensinstasjonen vart lagd ned som betjent stasjon i 2005 og vart sidan driven som stasjon med sjølvbetjening.

Fure Mekaniske Verksted

vart starta i 1968 av Wilhelm Ask, som sidan 1962 hadde drive landhandelen på kaia i Snekkevågen.

Dale Servicesenter vart starta av Øystein Boge. Biletet er teke i 2006, medan det framleis var Esso-stasjon. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dale Servicesenter vart starta av Øystein Boge. Biletet er teke i 2006, medan det framleis var Esso-stasjon. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Øystein Boge

starta i 1975 mekanisk verkstad i Dale og starta seinare med bensinstasjon for Esso, med namnet Dale Servicesenter AS. I 2014 vart avtalen med Esso sagt opp, og Boge inngjekk i staden avtale med YX Energi.

Dale Servicesenter AS

- sjå Øystein Boge.

K. R. Elektro & Co

installasjonsforretning vart starta i Dale i 1978 av Kjærvin Rochling. Verksemda har tre tilsette.

Fjaler Sko A/S

vart starta i 1984 av to tidlegare tilsette ved A/S Jarl Skofabrikk.

Vevang Produksjon AS

- verna verksemd starta i Dale i 1990.

Brødrene Dahl AS

starta ei vasskraftavdeling i Dale i 2003 med Bjarte Skår som dagleg leiar. I starten var det to tilsette, men fram til 2012 voks verksemda kraftig. Avdelinga leverer 90 prosent av røyrgatene til norske vasskraftanlegg. I 2012 flytta Brødrene Dahl-avdelinga inn i Transplant-bygget i Dale.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.01.2014