Hopp til innhold
X
Innhald

Fabrikkar og verkstader i Gaular

Bygningen som husa O. A. Lundes Tønnefabrikk i Bygstad er teken vare på. I dag er det serveringsstad i den tidlegare fabrikken. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bygningen som husa O. A. Lundes Tønnefabrikk i Bygstad er teken vare på. I dag er det serveringsstad i den tidlegare fabrikken. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den tradisjonelle næringa i Gaular ved sida av jordbruket var lenge tønnefabrikasjon. Tønnene vart framstilte både i enkle kjellarbedrifter og i større fabrikkar. I Bygstad vart det i eldre tider også framstilt både såpe, margarin og ski.

Omtalane er ordna etter oppstartsår:

Tønneproduksjonen i Gaular

Gaular eitt av dei viktigaste sentra for tønneproduksjon til det store vårsildfisket på Sunnfjordkysten på 1800-talet.

Gründeren O. A. Lunde

er ein av dei fremste forretningsgründerane i Gaular. Han starta i 1872 landhandel heime på Lunde.

Njøsens margarin- og såpefabrikkar

Jens L. Njøsen starta i 1898 landhandel på Reita i Bygstad. Seinare starta han både såpefabrikk og margarinfabrikk.

Skagens Safteri

vart starta ca. 1905 på Sande av Mads Johannessen og Søren Haugland.

Olai Solemsli

starta i 1913 vognfabrikk og mekanisk verkstad i Osen. Verkstaden brann 1930, men vart bygd opp att. Sonen Gunnar Solemsli tok over i 1958 og dreiv m.a. bilverkstad.

Brødrene Fureli Snekkerverksted

Johannes Fureli starta i 1913 snikkarverkstad på Sande. Verkstaden vart i 1950 teken over av sønene Magnus og Jens Fureli, og fekk namnet Brødrene Fureli Snekkerverksted. Dei produserte dører, vindauge og kjøkeninnreiingar.

Fargar Jørgen Furubotn

slo seg til på Sande, truleg på 1890-talet, der han bygde klesstampe som folk nytta for å mjukne stivt vadmelstøy.

Sande med ungdomshuset til høgre. I kjellaren der heldt Skagen Møbelverkstad til. Foto: Mittet. © Fylkesarkivet.

Sande med ungdomshuset til høgre. I kjellaren der heldt Skagen Møbelverkstad til. Foto: Mittet. © Fylkesarkivet.

Mads Skagen

og Leif Mikaelsen Sande starta i 1925 møbelsnekkeri på Sande. I 1932 overtok Mads Skagen åleine under firmanamn Skagen Møbelverksted. I tillegg til møbelproduksjon, dreiv han også som salmakar. Verksemda heldt til i ungdomshuskjellaren på Sande, og vart nedlagd nokre år etter kirgen.

Skagen Møbelverkstad

- sjå Mads Skagen, 1925.

Bygstad Maling- og Billakkeringsverksted

vart starta i 1934 av Sigvald Fauske. I tillegg til vanleg måling og billakkering, dreiv han også skiltmåling og dekorasjonsmåling.

Mons Heggernes hadde smie i det vesle huset heilt til høgre i biletet. Til venstre O. A. Lundes Tønnefabrikk, i dag serveringsstaden Tønna. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Mons Heggernes hadde smie i det vesle huset heilt til høgre i biletet. Til venstre O. A. Lundes Tønnefabrikk, i dag serveringsstaden Tønna. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Mons Heggernes

starta smie og mekanisk verkstad i Bygstad i 1935. Verksemda produserte m.a. sledar og vogner.

Skifabrikken i Bygstad

Brødrene Kvamme ski- og møbelforretning i Bygstad vart starta i 1936 av Anders og Nils A. Kvamme.

Viksdalen Trevarefabrikk

vart bygd av Georg Ness ved Bellfossen i Eldalen like etter 2. verdskrig. Han laga m.a. vevstolar. Seinare vart verksemda flytta til Hage.

Yndestad Mekaniske Verkstad. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Yndestad Mekaniske Verkstad. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Yndestad Mekaniske Verkstad

i Bygstad vart starta i 1965 av Roald Yndestad. Verksemda vart bygd opp på produksjon av traktorskuffer, men har i dei seinare åra gått over til variert plate- og sveiseproduksjon. Verksemda hadde i 2001 seks tilsette og ei omsetning på sju millionar kroner.

Maritime Montering AS

vart starta på Bjørvikstranda i 1981 av Odd Birkeland.

Bjørvikstranda Trevare. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bjørvikstranda Trevare. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bjørvikstranda Trevare

vart starta i 1997 av Arvid Bjørvik. Verksemda har seks tilsette og har spesialisert seg på skipsmøblar. Verksemda har leveransar til Maritime Montering AS si avdeling i Molde. I 2010 starta verksemda produksjon av avtrekksskåp og innreiing til laboratorium gjennom selskapet Labvent AS.

L & M Maskinservice AS

på Sande vart starta i 1998 av Petter Myrmel og Ingvard Lundekvam.

Aase Landbruk AS

- sjå L & M Maskinservice AS.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.09.2011