Hopp til innhold
X
Innhald

Fabrikkar og verkstader i Gloppen

Brødrene Aa i Hyen er ei av dei mest livskraftige verksemdene i Gloppen. Dette biletet er frå 1963. Ukjend fotograf. Eigar: Mia Lisa Djupedal/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Brødrene Aa i Hyen er ei av dei mest livskraftige verksemdene i Gloppen. Dette biletet er frå 1963. Ukjend fotograf. Eigar: Mia Lisa Djupedal/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Omtalane er ordna etter oppstartsår:

Desse messinglysestakane er laga på Hestenesøyra. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Desse messinglysestakane er laga på Hestenesøyra. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Messingindustrien på Hestenesøyra

vart starta kring 1870 av Chornelius Eikenæs.

E. K. Eikenæs messingstøyperi

på Hestenesøyra. – Sjå Messingindustrien på Hestenesøyra. E. K. Eikenæs dreiv også landhandel på kaia og var dampskipsekspeditør.

Brødrene Eikenes Metallstøyperi

- sjå Messingindustrien på Hestenesøyra.

Nesjane Suvenir og Brukskunst

- sjå Messingindustrien på Hestenesøyra.

Sandane Metallstøyperi

- sjå Messingindustrien på Hestenesøyra.

Gabriel K. Aasebø

på Sandane, grunnlagt 1870. Produserte m.a. stålampar, lampettar og lysekruner i smijern.

Byrkjelo Mekaniske A/S og PeBo Rør AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Byrkjelo Mekaniske A/S og PeBo Rør AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Torheims Smedverkstad

på Byrkjelo vart grunnlagt i 1875 av Rasmus A. Torheim. Smeden var kjend for å lage sakser, ljåar og knivar med framifrå bet. Verksemda skifta seinare namn til Byrkjelo Mekaniske A/S.

Byrkjelo Mekaniske A/S

- sjå Torheims Smedverkstad.

Jørgen Ryssdal tønnefabrikk

- sjå Gloppen og Bredheims Handelsforening.

Skinlo Husflid og Småindustri

i Breim vart starta 1880 av Kristen E. Fløtre. Her var det produksjon av møblar, kjøkenutstyr, ski og kjelkar, og mindre ting - som dreia bollar og fat.

I dette smålåtne produksjonslokalet bygde Sande båtbyggjeri færingar og mindre fiskebåtar. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I dette smålåtne produksjonslokalet bygde Sande båtbyggjeri færingar og mindre fiskebåtar. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sande båtbyggjeri

på Rygg vart starta 1880 av Ole J. Sande. Verksemda bygde både færingar og mindre fiskebåtar (sjå artikkelen Båtbyggjarane i Gloppen og Hyen under Historie).

Petter Knutson Flølo

(1848-1927) frå Breim starta hesteskoproduksjon ved Storelva, men flytta i 1893 til Sandane.

Nordfjord Trykkeri

vart starta på Sandane i 1896 av eit interessentselskap der Ole J. Nyhagen var forretningsførar.

Bussfabrikken på Sandane

Solheims Verkstad vart grunnlagt i 1898 av Anders J. Solheim - før bilen kom som verkstad for hestevogner.

Solheims Verkstad

– sjå Bussfabrikken på Sandane.

Sandane Karosserifabrikk

– sjå Bussfabrikken på Sandane.

På dette flyfotoet frå 1952 ser vi fabrikkbygningen som Evebøfoss Fabrikker bygde i 1924 i framgrunnen. Mellom fabrikken på Elvaneset og Sandane i bakgrunnen ser vi Selvågane, badeplassen for sandensarane. Foto frå Johan Ottesens arkiv.

På dette flyfotoet frå 1952 ser vi fabrikkbygningen som Evebøfoss Fabrikker bygde i 1924 i framgrunnen. Mellom fabrikken på Elvaneset og Sandane i bakgrunnen ser vi Selvågane, badeplassen for sandensarane. Foto frå Johan Ottesens arkiv.

Evebøfoss Fabrikker

vart grunnlagt av Anders Hansen. Utvik-guten Hansen hadde to gonger vore i Amerika før han i 1906 kjøpte Evebøfoss Shoddyfabrikk ved Storelva.

R. Søreide Prenteverk og Bokbinderi

vart grunnlagt 1915 av Ragnvald Søreide.

Gloppen Mølle

vart grunnlagd i 1917 av distriktsveterinær Einar Sorterup og Ole G. Ryssdal.

Gloppen Sementsteinsfabrikk

vart starta i Bukta i 1919 av Bertel Ramnestad.

Karl Fitje

starta ein trevarefabrikk i Bukta i 1920. Han produserte soveromsmøblar og salongbord og hadde opptil seks tilsette.

Nordfjord Møbelfabrikk A/S

sjå Karl Fitje.

Arne K. Eide trevarefabrikk

sjå Karl Fitje.

Petter P. Flølo

dreiv frå 1920 produksjon av elektriske apparat på Sandane. Han laga m.a. den kjende Flølo-komfyren.

Mathias Ryssdal

dreiv også produksjon av elektriske varmeovnar og anna elektrisk utstyr på Sandane på 1920-talet.

Jakob K. Gjengedal

starta ein liten møbelfabrikk på Austrheim på 1920-talet.

Evebø Blikkenslagarverkstad. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Evebø Blikkenslagarverkstad. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Evebø Blikkenslagarverkstad

vart starta av Kristoffer Evebø på 1920-talet. Seinare overtok sonen Harald, og i 1979 sonesønene Kjell Jan og Jon Kjartan, og no er fjerde generasjon Evebø - Simen - med i verksemda. Det er fem tilsette i Evebøfoss Blikkenslagarverkstad, som driv ein tradisjonel blikkenslagarverkstad i tillegg til betongsaging og kjerneboring i betong.

Flølo Fabrikker A/S

Alfred O. Flølo hadde sidan 1927 drive eit garveri på heimegarden på Flølo før han starta ein liten skofabrikk på Byrkjelo like etter 2. verdskrig.

Flølo Smed og Vognverksted

i Breim, grunnlagt 1927 av Jakob P. Flølo. Firmaet laga landbruksutstyr og snekkarmaskiner, og hadde fire tilsette.

Austrheim Båtbyggeri

vart starta i Sponvika på Austrheim i 1928 av brørne Anton J. Austrheim og Johan Austrheim.

I denne bygningen dreiv Sigvard Sandal konfeksjonsfabrikk og klesforretning. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I denne bygningen dreiv Sigvard Sandal konfeksjonsfabrikk og klesforretning. Foto: Ottar Starheim, NRK.

S. Sandal Konfeksjon og Skreddarverkstad

på Sandane vart grunnlagt i 1930 av Sigvard Sandal.

Sandane Skofabrikk

vart starta i 1931 av Didrik Evebøfoss.

Gloppen Kloggfabrikk

vart grunnlagt på Ryggøyra i 1932 av Alf og Bjarne Rygg.

Bergheimsluken

Bergheimsluken er kjend som ein av dei beste slukane for laksefiske, og vart forma og sett i produksjon på 1930-talet av Anders N. Bergheim på Byrkjelo.

Nils Skinlo

starta i 1935 skreddarverkstad på Sandane, og hadde ei tid fem tilsette.

Ragnfrid Tystad

starta i 1935 systove på Sandane, og dreiv sykurs i tillegg til produksjon av damekle. Ho hadde fem tilsette. Saman med systera Agnes Tystad, g. Skrøppa, dreiv ho også Tystad Blomster.

O. Furseth Lenestolfabrikk

vart starta i Sykkylven 1941 av Olav Furseth. I 1942 vart fabrikken flytta til Sandane, og hadde opptil 25 sysselsette. Fabrikken produserte m.a. stoppa salongmøblar.

Viking Konfeksjonsfabrikk heldt til i dette huset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Viking Konfeksjonsfabrikk heldt til i dette huset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Viking Konfeksjonsfabrikk

vart starta på Sandane i 1945 av Konrad Bruaset frå Romsdal. Eigaren la seinare ned drifta og reiste til Canada, og i bygget held i dag Leif Lothe til med elektrisk forretning.

Myklebust og Bjørnereim Bilverksted

på Byrkjelo vart grunnlagt 1946 av Johan Bjørnereim og Sverre Myklebust, frå 1950 med Bjørnereim som eineeigar. Som den første i fylket, spesialiserte Bjørnereim seg midt på 1950-talet på bilberging. I tillegg til bilberging, driv firmaet i dag bensinstasjon på Byrkjelo.

Då dette biletet vart teke i 2006 var anlegget til Bjørnereim Bilverkstad overteke av Felleskjøpet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Då dette biletet vart teke i 2006 var anlegget til Bjørnereim Bilverkstad overteke av Felleskjøpet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sandane Skiverksted

Gudmund Søreide starta ein liten skifabrikk på Kleivedammen like etter 2. verdskrig og dreiv til kring 1950. Søreide hadde på det meste tre tilsette. Verksemda framstilte skia etter splitkeinmetoden med samanlimte lamellar.

Brødrene Aa Båtbyggeri

i Hyen vart grunnlagt 1947 av Bertel og Olav Aa. Sjå også «Båtbyggjarane i Gloppen og Hyen».

Solglimt Trykkeri i Bukta. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Solglimt Trykkeri i Bukta. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skrivervik Kassefabrikk

på Sandane vart starta av Edvard Skrivervik i 1947. Fabrikken var i drift til 1981.

Solglimt Trykkeri

på Sandane vart grunnlagt i 1948 av Vestlandske Vanførelag og lokale vanførelag etter initiativ frå Arne K. Eide. Trykkeriet vart omskipa til aksjeselskap i 1966. Solglimt bygde ny trykkeribygning i Bukta i 1967. I 1977 vart trykkeriet overteke av dei tilsette saman med kommunen. I 1980 vart trykkeriet overteke av avisa Firda Tidend.

Leiv Austrheim AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Leiv Austrheim AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Leiv Austrheim AS

bilverkstad og bensinstasjon på Sandane vart starta i 1948 av Leiv Austrheim. Då han døydde i 1967 tok sonen Arvid Austrheim over. Verksemda hadde i 2011 10 tilsette. I 2014 overlet Arvid verksemda til sin son, Leiv Arne Austrheim. Leiv Austrheim AS driv og Statoilstasjonen på Nordfjordeid, i tillegg til transport av drivstoff i Nordfjord.

Ravnestad konfeksjon

vart starta i 1953 av brørne Ola og Reidar Ravnestad. Dei dreiv også kafé i huset. I 1976 vart huset leigd ut til likningskontoret.

Det tidlegare VS-slakteriet på Austrheim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Det tidlegare VS-slakteriet på Austrheim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vestlandske Salslag

bygde slakteri på Sandane i 1956. Slakteriet var i drift fram til VS opna det nye regionslakteriet for Nordfjord på Nordfjordeid i 1964.

Oddmund B. Austrheim

bygde snikkarverkstad ved riksvegen på Austrheim i 1955. Frå 1991 var lokala utleigde til Sandane Metallstøyperi (sjå Messingstøyparane).

Zerwekh & Co

lonfeksjonsfabrikk, parfymeri og møbelforretning på Sandane vart grunnlagt i 1954.

Bolseth Glass AS

vart grunnlagt på Sandane i 1961 av Magnus Bolseth frå Jølster.

Brødrene Eikenes Metallstyperi

på Hestenesøyra vart skipa på 1960-talet då Kornelius Eikenes og sønene hans braut ut av familieverksemda E.K. Eikenæs. Les meir under Messingindustrien på Hestenesøyra.

Auto-Senteret AS på Kleivedammen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Auto-Senteret AS på Kleivedammen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Flølo Maskinforretning

på Sandane vart starta i 1963 av Bjarne J. Flølo. Flølo bygde eige forretningsbygg ved Firdavegen. I 1999 overtok svigersonen Arve Kleppe, og forretninga skifta namn til Flølo Maskin AS. I 2010 vart butikken knytt til Jernia-kjeda og flytta til Sandane Senter.

Flølo Maskin AS

– sjå Flølo Maskinforretning.

Nesjane Suvenir og Brukskunst

vart skipa i 1965 av Per Hestenes, brørne Ola og Jakob Hestenes og Ingebrigt Eikenes. Verksemda hadde opptil 10 tilsette, men vart lagd ned i 2001. Les meir under Messingindustrien på Hestenesøyra.

Sandane Industri L/L

er ei attføringsbedrift som vart starta på Austrheim i 1969.

YVI

sjå Sandane Industri L/L.

Sandane Metallstøyperi

Les meir under Messingindustrien på Hestenesøyra.

A/S Fjord-Pels

vart starta i 1973 etter initiativ frå dåverande disponent i Gloppen Pelsdyrforlag, Kristoffer Rygg.

Hole Traktor og Maskin

vart starta på Hole i Breim i 1977.

Sunde Konfeksjon

i Olden hadde på 1970-80-talet ei større produksjonsavdeling på Sandane. Ei tid dreiv Sunde også ei mindre avdeling på Byrkjelo. Sunde Konfeksjon gjekk konkurs 1989, og drifta i Gloppen vart innstilt.

Strukturplast AS

vart skipa på Sandane i 1982 av Dagfinn Svangtun og Trygve Andenæs.

Bano AS

- sjå Strukturplast AS.

Ola Lilloe-Olsen og modell av ein av båtane han har teikna. Frå nettsida til Skipsrevyen.

Ola Lilloe-Olsen og modell av ein av båtane han har teikna. Frå nettsida til Skipsrevyen.

Teknisk Modellsenter A/S

i Hyen vart grunnlagt av siv.ing. Ola Lilloe-Olsen i 1983. Verksemda har eigen modelltank for testing av båtskrog m.m. (sjå Båtbyggjarane i Gloppen og Hyen).

Mona Arbeidssenter AS

ei verna industriverksemd, vart skipa i 1990 med 17 tilsette.

Mona Vekst AS

- sjå Mona Arbeidssenter AS.

Hetles Snekkarverkstad

på Reed vart starta i 1990 av Lars Hetle. Hetle har spesialisert seg på ”målsaum” av spesielle glas og dører, skåp og andre innreiingsartiklar. Verksemda tek seg også av restaurering av gamle møblar.

Sogn og Fjordane Meieri

bygde stormeieri på Byrkjelo i 1996. Meieriet gjekk seinare inn i Tine Meieriet Vest BA.

Gloppen Mek. Verksted AS

grunnlagt på Sandane i 1997 av Svein Aasemyr.

Fiskå Mølle

sjå Gloppen Mek. Verksted AS.

Nordfjord Skifer AS

på Breim vart skipa av Sverre Anton Sunde og faren Roald Sunde frå Jølster i 2000.

Kandal Kjøtt

Magni og Bjørn Nygård starta i det små med å selje nokre få produkt av geit- og kjekjøt i Kandal. I 2004 sette dei opp eit nytt produksjonslokale. Etter kvart kom sonen Paul Nygård med i drifta, og produkta blir no selde over store delar av Vestlandet.

Geiter og kje på garden til Magni og Bjørn Nygård. Foto: Kandal Kjøtt.

Geiter og kje på garden til Magni og Bjørn Nygård. Foto: Kandal Kjøtt.

Lumens AS

vart starta av Jan Tore Fossheim på Sandane i 2009. Verksemda utviklar og marknadsfører LED-diodeteknologi til erstatning for dagens lyskjelder.

Melin Medical AS

vart starta av Jesper M. Ganc-Petersen på Sandane i 2010.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.05.2014