Hopp til innhold
X
Innhald

Fabrikkar og verkstader i Gulen

Sementvarefabrikken til Wergeland på Halsvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sementvarefabrikken til Wergeland på Halsvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fiskeri og oppdrett i Gulen

Kystkommunen Gulen er meir enn andre kystkommunar i Sogn og Fjordane prega av fiskarbonden enn av folk med fiske som eineyrke. I mindre grad enn nordafor ser vi den reine spesialiseringa på fiskeri.

Klippfisk og shoddy i Dingja

Mathias Hansson Dingen kjøpte saltfisk i Nord-Noreg og starta klippfisktørking på svaberga ved Nyhamar. I 1891 bygde sonen Hans Dingen ein shoddyfabrikk i Dingja.

Peder R. Sandal

kjøpte i 1881 eit lite fargeri og starta ein fargefabrikk i Fonnevika i Eivindvik.

Margarinfabrikk i Fonnevik

Fredrik Larsen starta margarinfabrikken «Stjernen».

Meieria i Gulen

På 1890-talet fekk mange bygder i Gulen sine eigne småmeieri. Frå 1967 overtok Bergensmeieriet Gulen som leveringsdistrikt.

Treskofabrikken i Sellevåg

I ei bukt ved Brandangersundet ligg framleis den gamle bygningen som ein gong husa ein treskofabrikk. Inne står maskinar og utstyr intakt som om arbeidsfolket berre skulle ha teke middagspause.

Dingen Tønde- og Trævarefabrik

vart bygd i 1908.

Sildoljefabrikk i Rutledal

Kring 1920 vart det bygt ein liten sardin- eller sildoljefabrikk i Rutledal, men fabrikken kom aldri i drift. Tomta vart selt av jekteskipper Olai Jakobsson Brosvik, som også dreiv gardsbruket i Rutledal til han gjekk konkurs og reiste derfrå i 1924.

Hermetikkfabrikken på Byrknes

bygd i 1922. Fabrikken la ned krabbe og hummar, og seinare brisling.

Skjerjehamn, der det ei tid var slipp og motorfabrikk. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Skjerjehamn, der det ei tid var slipp og motorfabrikk. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Skjerjehamn Slipp og Mek. Verksted

Motorfabrikken i Skjerjehamn vart starta i 1931 av Johannes Steine. I nedgangstida som fylgde, måtte han selje slippen til Sigurd Rognsvåg og Herman Thoming. Slippen kunne hale båtar opptil 70 fot, og på den mekaniske verkstaden vart det ei tid bygt små båtmotorar på 3 hk. under merkenamnet «Fønix». Verksemda sysselsette seks personar.

Båtbyggjeri i Dingja

Konrad Dingen dreiv frå 1938 og fram til kring 1960 eit båtbyggjeri i Dingja. Her bygde han båtar på opptil 77 fot.

Eivindvik Snikkarverkstad heldt til i denne bygningen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eivindvik Snikkarverkstad heldt til i denne bygningen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eivindvik Snikkarverkstad

vart starta i 1947 av Ivar Mogstad og Halvor Vatne. Vatne trekte seg ut etter nokre år, og Mogstad dreiv verkstaden med produksjon av dører og vindauge til kring 1966.

Wevling og Opdal snikkarverkstad

vart starta i Eivindvik i 1949 av Erling Wevling og Martin Opdal. Dei produserte trapper, dører og vindauge. I 1958 løyste dei opp samarbeidet, og Martin Opdal starta eige firma der han m.a. laga trapper. Wevling produserte mykje husflidsprodukt som tiner, ambarar og brikker.

Eivindvik Slipp og Mek. Verkstad

vart starta i 1954 av Lars J. Nygård.

Sementvareproduksjonen til Wergelandsfolket

Familien Wergeland har bygt opp største industriverksemda i kommunen. I 2002 sysselset konsernet 150 personar, derav 130 i Gulen kommune og elles på skipsverft i Solund, ferjedrift og hotell.

NCC Roads

asfaltverk i Breivik like aust for Rutledal vart starta i 1981 av bergenskonsernet G.C. Rieber.

Nyhamar Slipp og Mekaniske AS

på Nyhamar på Hisarøy vart starta i 1983 av Oddfinn Nyhammer. Slippen driv med reparasjon og vedlikehald av båtar og motorar og har tre tilsette.

Nyhamar Slipp og Mekaniske AS på Hisarøy. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Nyhamar Slipp og Mekaniske AS på Hisarøy. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Gulaprent

vart starta i Eivindvik i 1999 av Knut Laasbye. Firmaet driv framstilling av brosjyrer, grafisk formgjeving og diverse fotografisk arbeid.

OM Marine Service AS

– sjå Østerbø Maskin A/S (Høyanger kommune).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.03.2013