Hopp til innhold
X
Innhald

Fabrikkar og verkstader i Luster

Vikingskip er mellom produkta frå bedriftene i Luster. Det er Ornes Båtbyggeri som m.a. har spesialisert seg på dette. Foto: Øyvind Hatlevoll.

Vikingskip er mellom produkta frå bedriftene i Luster. Det er Ornes Båtbyggeri som m.a. har spesialisert seg på dette. Foto: Øyvind Hatlevoll.

Omtalane er ordna etter oppstartsår:

Klebersteinsbrota ved Hafslo

Nordaust for stølen Dalen som høyrer til Indre Hafslo, ligg Kleberseggi. Her var det i eldgamle tider eit stort klebersteinsbrot - eit av dei få kjende i Sogn og Fjordane.

Hellebrotet i Dalsdalen

I Dalsdalen ovanfor Luster låg nokre av dei største hellebrota i Sogn.

Jernvinne på Åberge?

Ei kjelde frå 1810 hevdar at det i gamal tid skulle ha vore jernvinne på garden Åberge ved Gaupne. På vegen «Jargaldane» skal det då ha vorte frakta myrmalm frå stølane til Åberge og ned til smeltehytta som låg på «Belgen». Mellom husa på Belgen kunne ein tidlegare sjå spor etter slagg og jernsmelting, og også i nyare tid skal det har vorte funne spor etter slagghaugar.

Teglverk på Hafslo

Kring 1800 vart det starta eit lite teglverk i nokre leirførekomstar som ligg på Bjørkhaug nedanfor Furehaug.

Gamle sagbruk i Luster

Det første teiknet på sagbruksdrift i Luster finn ein i 1597. Men det var først frå midten av 1600-talet at produksjonen av skurlast skaut retteleg fart.

Bygdemøller i Luster

På Hafslo var det tre vassdrivne bygdemøller: Krabbemølla ved Modvagrovi, Veamølla med vatn frå Daleelvi, og mølla i Marifjøra som tok vatnet frå elva Mara.

Haugianarar dreiv stamper og fargeri

Både Hans Feigum og Peder Steen, som begge stod sentralt i haugianarflokken i Luster midt på 1800-talet, dreiv fargeri.

A. G. Behaim Eftf.

fargeri og fargeproduksjon i Marifjøra vart starta av Andreas Beheim i 1872. Andreas kjøpte fargestoff frå Tyskland som han blanda sjølv og selde over heile landet. Sonen Georg Behaim tok over og dreiv til nokre år etter 2. verdskrig. Då fargeriet vart rive på 1950-talet vart utstyret gjeve til Sogn Folkemuséum. Om fargeriet i Marifjøra går det denne regla:

Du går i kvite sokkar, eg trur du ha’kje vet Reis bort i Marifjøra og kjøp deg noko lét *)

  • Lét = farge)
Les elles artikkelen: Haugianarar dreiv stamper og fargeri.

A/S Sogns Iscompagni

A/S Sogns Iscompagni

Før moderne fryseteknikkar kom i bruk, måtte matvarer kjølast med naturleg is. Der tilhøva låg til rette for det - med rikeleg is frå ferskvatn like ved fjorden - utvikla det seg særleg frå midten av 1800-talet og utover ein stor produksjon av is.

Bakeri i Solvorn

Sjur Olsen Thune starta bakeri i 1900 i Solvorn. Han dreiv til 1933, då sonen Sigurd Thune overtok, og seinare starta Sigurd også landhandel saman med ektemaken Kristina. Dei dreiv verksemda fram til 1967.

Hudkremproduksjon i Luster

Hovudingrediensane var harpiks og sprit, og produktet vart marknadsført under merket «Jotun hudsmurning».

Mølle og sagbruk i Marifjøra

Jon Ness starta først med mølle og sagbruk i Marifjøra kring 1900. Ness bygde også eit lite kraftverk. Les meir under Handel og gjestgiveri i Marifjøra.

Sigarfabrikk i Solvorn

i 1902 - sjå: Tobakksdyrkinga i Luster.

Næss sine verksemder i Høyheimsvik

Sakris O. Næss starta landhandel og bakeri i Høyheimsvik i 1905. Sakris dreiv også kaia og var poststyrar. Han dreiv også eit sagbruk.

Lerums Saftfabrikk er restaurert av Lerum-familien. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Lerums Saftfabrikk er restaurert av Lerum-familien. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

N. H. Lerums Saftfabrikk A/S

vart starta på Sørheim av Kari og Nils H. Lerum i 1907. Les meir under N. H. Lerum Assortert Landhandel og Lerum-konsernet under Sogndal kommune.

Joranger sitt bakeri

Johannes Joranger starta bakeri i Marifjøra i 1915, og i 1918 landhandel. Sonen Per Joranger tok over som bakar då faren døydde i 1948, medan systera Anna Joranger heldt fram med landhandelen. Ho gifta seg i 1952 med Wilhelm Oma, og saman dreiv dei handelen til 1992. Per Joranger - «Bakar-Per» - dreiv bakeriet til 1981.

A/S Sperle sagbruk

Sagbruk i Jostedalen starta i 1919 av Jon Sperle og seinare overteke av sonen Bjarne Sperle. Sagbruket har vore det viktigaste for leigesaging for skogeigarane i Jostedalen. Elles i Jostedalen dreiv Sjur L. Bakken sagbruk ved Sagerøyelva, og Lars Gjerde driv også sag på Gjerde.

L/L Sogns Elektrostaalverk

vart bygt i Fortun i 1919. Sjå artikkelen Industridraumar i Fortun under Historie.

Bakeri og kaffistove i Marifjøra

Tora og Nils Øy starta kring 1924 bakeri i Marifjøra. I ein periode dreiv dei også ei kaffistove. Dei la ned verksemda i 1968.

Skreddar Karl Nes

Karl Nes starta i 1929 som skreddar på Hafslo, og hadde ei tid opptil fem personar i arbeid. Verksemda vart lagt ned i 1958.

Dalehaug Snikkarverkstad

Starta i 1929 av byggmeister Anders Dalehaug i det gamle meieriet på Døsen.

Hafslo Trevarefabrikk

vart starta i 1930 av Klaus Alme. Han produserte dører, vindauge og andre innreiingsartiklar, og sysselsette fire personar. Han avvikla på 1960-talet og starta møbelbutikk i Sogndal.

Luster Mek. Verkstad

i Luster vart starta i 1934 av Olav Bondevik og Lars Aaberge.

Bakar Hagelund

Lars Hagelund starta som bakar i Marifjøra i 1935 og dreiv til kring 1945.

Snikkar Bolstad

Sigvald Bolstad starta i 1936 snikkarverkstad i Skjolden. Han hadde to-tre personar i arbeid, og dei produserte både innreiingsartiklar og møblar, dreiv hjulmakeri og produserte også litt souvenirar.

Brødrene Teigens Sagbruk & Kassefabrikk

på Alsmo vart starta i 1938 av brørne Nils og JohanTeigen. Dei produserte m.a. fruktkasser og ostekasser. Ostekassene var ein stor artikkel ikkje minst i Luster-bygdene, der det var dårleg med meieri, og osten måtte kokast og pakkast på gardane for vidaresal gjennom smørlag eller lokale kjøpmenn.

Snikkar Øygarden

Gunnar Øygarden frå Luster dreiv ein mindre snikkarverkstad frå 1940 til 1960, først i Dalsdalen, og frå 1950 på Kvåle. Verkstaden laga både møblar om bygningsartiklar.

Gruvedrifta i Kinsedal

– Sjå samleartikkel under Krigshistoria i Luster om Norsk Hydro sine kjøp av anortositt-felta i Kinsedal i 1918, og om tyskarane si store utbygging i Kinsedal under 2. verdskrig.

Skomakarar i Marifjøra

Brørne Magnus, Sverre og Trond Sønnesyn starta i 1942 skomakarverkstad i Marifjøra.

I tillegg til reparasjonsarbeid, laga dei også nye sko og hesteselar.

Sagbruk og kassefabrikk i Solvorn

Einar og Per Søhoel starta sagbruk og kassefabrikk i Solvorn i 1947. Per dreiv mest sagbruket og kasseproduksjonen - delvis med innleigd hjelp i sesongane. Han slutta med kasseproduksjonen på 1970-talet.

Bilverkstad på Kjos

Lars Øvrebø og Ludvig Hjelmhaug starta bilverkstad og smie på Kjos i Hafslo på slutten av 1940-talet. Hafslo Bilsenter AS tok over i 2000.

Hafslo Bilsenter AS

- sjå Bilverkstad på Kjos.

Synfiber A/S

Synfiber konfeksjonsfabrikk vart starta i Oslo i 1962 av lustringen Knut Grindheim.

Eliscan AS

- sjå Synfiber A/S.

Fortun bensinstasjon. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fortun bensinstasjon. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fortun bensinstasjon

vart starta av Nils Veka i 1967. Verksemda driv også reparasjonsverkstad og bergingsbil, og har også riksvegbrøytinga m.a. på Sognefjellet.

Ornes Båtbyggeri

Ornes Båtbyggeri

I bygdene Ornes og Solvorn har det vore eit lite «senter» for båtbygging heilt sidan 1700-talet. I seinare tid har båtbyggjarfaget fått ein renessanse, ikkje minst takka vere Øyvind Hatlevoll.

LMI - Luster Mekaniske Industri

LMI - Luster Mekaniske Industri på Grandane i Gaupne vart starta i 1981 og produserer rør med ei spesiell coating (belegg) for oljeindustrien. Seinare kom Weest Industri Service AS i Florø og DSND Subsea AS i Grimstad inn som hovudeigarar.

Gaupne Bilsenter AS

bilverkstad vart starta i Gaupne i 1981 av Olav Ness.

BBS-senteret

- sjå Gaupne Bilsenter AS.

Modum Pels AS

Verksemda starta som pelsberederi, men utvikla seinare produksjon av pelsklær og pelstøfler.

NTP Gandrudbakken AS

Starta i Gaupne i 1988 av Arle Gandrudbakken frå Bergen. Verksemda har spesialisert seg på trykking av merke på tekstilar og konfeksjon.

Paxar NTP

- sjå NTP Gandrudbakken AS.

Avery Dennison NTP

- sjå NTP Gandrudbakken AS.

Luster Betong AS

i Gaupne vart skipa i 1988 av Kjell Petter Moen.

Sønnesyn Sag

i Marifjøra vart starta i 1989 av Per og Einar Sønnesyn. Spesialiteten er villmarkspanel og utemøblar i grovt tømmer.

PGP Premiehuset Sogn og Fjordane

vart skipa på Hafslo i 1990 av Astrid og Magnar Heggestad. Verksemda trykkjer m.a. stadionreklame, T-skjorter, banner og pins.

Hafslo Servicesenter. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hafslo Servicesenter. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hafslo Servicesenter

på Hesteneset vart starta i 1990 av sambuarpara Jon Terje Moen og Liv Margrethe Eikeberg, og Arne Moen og Hilde Eldegard. Verksemda omfattar daglegvarebutikk og bensin- og servicestasjon. Seinare overtok Remi Lunde Solbakken og Iselin Solbakken verksemda.

Øiene Verksted

bilverkstad vart starta i Gaupne i 1991 av Erik Øiene. Verksemda held til på Røneidsgrandane, har tre tilsette og vart i 2006 omgjort til aksjeselskap med namnet Øiene Bilverksted AS.

Øiene Bilverksted AS

– sjå Øiene Verksted.

Josvanger Elektro AS

på Lambhaug vart starta i 1993 av Johannes Josvanger. Verksemda driv innstallasjonsarbeid over heile indre Sogn og har i 2003 15 tilsette og ei årsomsetning i 2002 på vel ni millionar kroner.

Fjordglas AS

Fjordglas AS

Vindaugefabrikk starta i Luster i 1994 av brørne Robert og Bernhard Veum.

Jostedal Industrier AS

vart starta av Kurt Brun i 1996. Verksemda er den einaste norske produsenten av operasjonsbord.

Bionordic AS

- sjå Jostedal Industrier AS.

Pelletsomn frå Bionordic AS. Foto: Bionordic.

Pelletsomn frå Bionordic AS. Foto: Bionordic.

Sognefjord Naturkjøken

vart starta i Solvorn i 1998 av Vidar Åsen frå Ålesund. Han var driftsleiar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HSF) sin akvastasjon på Skjer i Sogndal før han starta eiga verksemd, der m.a. fjordkreps og røykt ål, laks og aure er hovudprodukta.

Digital Etikett held til på industriområdet Grandane i Gaupne. Foto: Arild Nybø, NRK.

Digital Etikett held til på industriområdet Grandane i Gaupne. Foto: Arild Nybø, NRK.

Digital Etikett

vart starta i Gaupne i 2008 av Kjetil Hovland. Verksemda produserer etikettar til næringsmiddelindustrien.

Blanderiet AS

betongblanderi i Gaupne vart starta i 2008.

Massiv Lust AS

vart starta i Gaupne i 2011 av Olav Alexander Lien og Carsten Hovind.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.04.2014