Hopp til innhold
X
Innhald

Fabrikkar og verkstader i Sogndal

Sidan Kari og Nils H. Lerum flytta til Sogndal i 1919 har saft og syltetøy vore ein vesentleg del av næringslivet og gitt arbeid til svært mange. Dette biletet viser safttapping på 1950-talet. Foto: Leiv Bergum. © Lerum Fabrikker.

Sidan Kari og Nils H. Lerum flytta til Sogndal i 1919 har saft og syltetøy vore ein vesentleg del av næringslivet og gitt arbeid til svært mange. Dette biletet viser safttapping på 1950-talet. Foto: Leiv Bergum. © Lerum Fabrikker.

Omtalane er ordna etter oppstartsår

Sogndal Tændstikfabrik

var i drift frå 1855 til 1884, og vart starta av svensken August Sjøberg.

Nils Olsson Reppen

starta i 1880 eit sagbruk og ein rivefabrikk på garden sin på Reppen i Sogndalsdalen. Seinare starta han fotoatelier i Sogndal.

Annonse for Sognefjordens Ullvarefabrikk i 1961.

Annonse for Sognefjordens Ullvarefabrikk i 1961.

Sognefjordens Uldvarefabrikk

Ullvarefabrikken vart starta i 1887 i dei tidlegare lokale til Sogndal Tændstikfabrik ved Sogndalselvi.

Sogns Uldspinderi og Faregeri

- sjå Sognefjordens Uldvarefabrikk.

Våpensmed på Eggja

Sjur Fåberg frå Jostedalen eigde ein gard på Eggja frå 1887 til 1924. Sjur hadde tidlegare livnært seg som børsemakar på Lærdalsøyri der Lærdalskompaniet heldt til. Han tok med seg børsmakarkunstane til Eggja og dreiv som våpensmed ved sida av gardsarbeidet.

Stedje Mølle

vart bygd i 1893 av Erik Stedje og driven med ein 60 hestars turbin.

Meieria i Sogndal

Det første meieriet i Sogndalsfjøra vart starta i 1893, det første av tre meieri i Fjærland i 1896.

Skreddarverkstad Rutle

Ola Rutle starta skreddarverkstad i Fjærland i 1895, og dreiv til han døydde i 1941. Då tok sønene Olav og Per Rutle over, og skipa verksemda om til aksjelag i 1948 under namnet O. Rutle L/L. Verkstaden sydde dressar og andre herreklede.

Industriplanar på Nagløyri

I 1899 fekk grosserar H. W. Konow og andre frå Oslo handgjeve fallrettane i Årøyelvi og vassdraget innetter til Veitastrondi. Sjå elles Årøykraft.

Trevarefabrikk i Fardal

Johannes Steine starta i 1905 ein trevarefabrikk i Fardal, men flytta maskinene etter eit par års drift til Gulen, der han starta Dingen Tønde- og Trævarefabrik.

Trevarefabrikken til Vatlestad heldt til på Ørnebryggja til venstre i biletet fram til 1930. Ukjend fotograf. Eigar: Reidar Vatlestad/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Trevarefabrikken til Vatlestad heldt til på Ørnebryggja til venstre i biletet fram til 1930. Ukjend fotograf. Eigar: Reidar Vatlestad/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Sogndals Trevarefabrikk

på Stedje vart starta av Jon Vatlestad i 1916. Den produserte dører og vindauge, innreiingsutstyr og likkister, sysselsette opptil sju personar og vart lagd ned på 1990-talet.

Sogndal Cementindustri L/L

var ein sementvarefabrikk som vart bygt på Ulvahaugen ved Dalavegen i Sogndal kring 1917.

Smed i Fjærland

Martinus Mundal starta smedverkstad i Fjærland i 1918. Han hadde gått i lære hjå den kjende Aurlands-smeden Lars Jordal. Mundal produserte både vogner og andre gardsreidskapar, og dreiv også med kunstmiing av stålampar og lampettar. Sonen Georg Mundal gjekk også inn i verksemda.

Reklameplakat for Lerum-produkt frå 1920-talet.

Reklameplakat for Lerum-produkt frå 1920-talet.

Lerum-konsernet

I 1919 flytta Karl Lerum saft- og syltetøyproduksjonen sin frå Sørheim i Luster til Sogndal. I dag er Lerum-konsernet den største industriarbeidsplassen i Sogndal.

A/S Lerums Saftfabrikk

- sjå Lerum-konsernet.

L/L Sognesaft

- sjå Lerum-konsernet.

Lerum Konserves A/S

- sjå Lerum-konsernet.

Polytech

- sjå Lerum-konsernet.

Gode veksttilhøve for frukt og bær var grunnlaget for Lerum-konsernet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Gode veksttilhøve for frukt og bær var grunnlaget for Lerum-konsernet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hermetikkfabrikken i Fjærland

Det var Hans R. Mundal som starta hermetikkfabrikken i Fjærland i 1923 etter at han i fleire år hadde drive tønneproduksjon.

Fjærland Preserving L/L

– sjå artikkelen Hermetikkfabrikken i Fjærland.

Kr. Høisæther kasse- og knottfabrikk

– sjå artikkelen Hermetikkfabrikken i Fjærland.

Fjærlandsskoen

– sjå artikkelen Hermetikkfabrikken i Fjærland.

Stedje Handelsgartneri

på Stedje vart starta av Nils og Solrun Stedje i 1935.

Stedje Blomster og Gartneri

- sjå Stedje Handelsgartneri.

Anders N. Lid

starta reparasjonsverkstad for syklar i Sogndal i 1935 eller 1937.

Styrk Auro

- sjå Anders N. Lid.

Kaupanger Sagbruk og Høvleri

vart bygt i 1936 under Kaupanger Hovedgård.

På dette biletet ser vi ein båt på beddinga til Vedvik. Syklistane er Ivar O. Berge og Synneva Moldestad. Foto: Ivar T. Berge. Eigar: Fjærland Sogelag/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

På dette biletet ser vi ein båt på beddinga til Vedvik. Syklistane er Ivar O. Berge og Synneva Moldestad. Foto: Ivar T. Berge. Eigar: Fjærland Sogelag/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Båtbyggeri i Fjærland

Olav Vedvik frå Kvinnherad starta båtbyggeri i Fjærland i 1937. Han dreiv både med nybygg og reparasjonar, og kunne ta seg av båtar opp til 130 tonn. Han la ned verksemda kring 1960.

Magnus England

starta møbel- og trevarefabrikk på England i 1938. I 1948 flytta fabrikken inn i eige bygg i Fjøra og sysselsette opptil fire personar. Den produserte ulike møblar og dreiearbeid. Verksemda dreiv til fram på 1990-talet.

Sogn Auto A/S

vart starta i 1944 med Lars Ølnes som disponent.

Lund Auto AS

– sjå Sogn Auto A/S.

Sogndal Bil og Fritid AS

– sjå Sogn Auto A/S.

Sogn Vulk & Bilservice

i Sogndal vart starta i 1945 av Odd Rude Johannessen og Svein Berge, like ved Solhov. Dei dreiv reparasjons- og vulkaniseringsverkstad og hadde fire personar i arbeid. Verksemda dreiv til kring 1980.

Aaberge Planteskule

vart starta på Åberge i 1949 av Guttorm Aaberge.

Hundershagen Sagbruk og Høvleri

Andreas Hundershagen starta i 1950 sagbruk i Kaupanger med produksjon av kasser og tønnestav. Sonen Odd Hundershagen tok over i 1971, og har spesialisert seg på spesialtømmer.

Kassefabrikken til Teigen

Leif Teigen starta kassefabrikk på «slakteritomta» i Sogndal i 1950. Verksemda hadde opptil åtte mann i arbeid i sesongen, og dreiv til 1970. Sidan har Teigen vore forhandlar av pappemballasje - særleg fruktkassar. I 1970 bygde Teigen to store hybelbygg.

Slakteritomta i Sogndal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Slakteritomta i Sogndal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogn Slakteri

Sogn Slakteri i Sogndal vart bygt i 1956 av Vestlandske Salslag som det første store regionslakteriet i Sogn og Fjordane. Sjå også: Gilde Vest Vestlandske Salslag i Førde.

Vestlandske Salslag

- sjå Sogn Slakteri.

Terina Sogndal AS

- sjå Sogn Slakteri.

Sogndal Bensin & Service AS

Arne Henden som dreiv Hendens Bilforretning på Sandane og var Volvo-forhandlar i Sogn og Fjordane, bygde i 1964 eit forretningsbygg og bensinstasjon på Stedje i Sogndal saman med Christen F. Knagenhjelm.

Sogne-Prent. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogne-Prent. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogne-Prent

vart starta i 1969 av Ingvar Moe. Sjå elles under avisa Sygnabladet.

Maskinsenteret AS

– sal av landbruksmaskiner i Sogndal vart starta i 1969.

Selseng Maskin AS

- sjå Maskinsenteret AS.

Berge & Co i Sogndal

Førde-firmaet Berge & Co AS starta i 1972 avdeling i Sogndal.

Fredheim Maskin og Betong AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fredheim Maskin og Betong AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fredheim Maskin og Betong AS

på Valeberg vart skipa i 1974 av Arvid Fredheim. I tillegg til å drive som entreprenør, leverer firmaet også ferdigbetong. I 2000 overtok sonen Anders Fredheim som dagleg leiar. Verksemda har kring 14 tilsette.

Byggmeister Tore Hovland AS

vart starta i 1975 av Tore Hovland. Før det hadde han arbeidd på bygg og anlegg saman med faren Torstein Hovland. Firmaet har i 2003 åtte tilsette, og har m.a. hatt store oppdrag ved bygging av Sognahallen med tilhøyrande kontorbygg.

Lund Auto AS

frå 1975. Sjå Sogn Auto A/S i 1944.

Entreprenør Riksvold

dreiv på 1970-talet eit anlegg for ferdigbetong på Loftesnes.

Sogndal Maskin og Delindustri AS

mekanisk verkstad vart starta av Oskar Kristoffersen i 1978.

Skjelbred & Co. AS

starta salsavdeling for landbruksmaskiner i Sogndal i 1980. I 1986 overtok Ola Hauge og starta Eik Landbrukssenter, som seinare skifta namn til Eiksenteret Hauge. Frå 1991 har verksemda halde til på Skjeldestad.

Eiksenteret Hauge

- sjå Skjelbred & Co. AS.

Toyota Sogn, tidlegare ANI Bil på Kaupangerskogen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Toyota Sogn, tidlegare ANI Bil på Kaupangerskogen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

ANI Bil AS

vart starta på Kaupangerskogen i 1981.

Toyota Sogn

- sjå ANI Bil AS.

Kaupanger Snikkarverkstad

vart starta av dansken Ole Fredskild i 1982. Verksemda har spesialisert seg på kopiering og produksjon av bygningsdelar.

Sogna-tre AS

er ein trevarefabrikk som vart starta i Årøy i 1984.

Sogneprodukter på Kaupangerskogen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogneprodukter på Kaupangerskogen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogneprodukter AS

- verna bedrift, starta på Kaupangerskogen i 1985. Les meir om Sogneprodukter AS under Vik kommune.

Judith Vestrheim. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Judith Vestrheim. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kaupanger Tre AS

takstolfabrikk vart starta i Kaupanger i 1985 av Odd Tufte og Johnny Tverberg.

Jatak Kaupanger

- sjå Kaupanger Tre AS.

Jatak AS

- sjå Kaupanger Tre AS.

Kaupanger Design Borgstova AS

vart starta av Judith Vestreim i 1986. Verksemda driv kunststøyping av kopiar av museumsgjenstandar i metall som finst på musea i Sogn og Fjordane. Støypemetodane er slyngestøyp og handstøyping, og ein kjend artikkel frå verkstaden er tomlingar - dvs. små drammekoppar i tinn.

Nye Autoteam på Kaupangerskogen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Nye Autoteam på Kaupangerskogen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Nye Autoteam

på Kaupangerskogen vart starta i 1997. Firmaet forhandlar bilmerka Mazda og Hyundai.

Opus AS i Slindebygget på Kaupangerskogen i 2008. Firmaet har seinare flytta til Granden i Sogndal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Opus AS i Slindebygget på Kaupangerskogen i 2008. Firmaet har seinare flytta til Granden i Sogndal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Opus AS

bilforhandlar, forhandlar av merka Opel, Suzuki og Isuzu. Sjå Opus AS under Førde kommune.

Daco Mekaniske AS

på Kaupangerskogen vart starta i 2001 av Eivind Dahl.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.10.2011