Hopp til innhold
X
Innhald

Fabrikkar og verkstader i Stryn

Stryn har eit svært rikt og variert næringsliv, mellom anna hadde kommunen lenge den einaste bussfabrikken i Noreg. I 2010 vart dei tilsette informert om at bussproduksjonen i Stryn vart lagd ned. Ei lokal investorgruppe overtok og førde produksjonen vidare, men det nye selskapet, Vidre AS, måtte gje opp i 2013. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Stryn har eit svært rikt og variert næringsliv, mellom anna hadde kommunen lenge den einaste bussfabrikken i Noreg. I 2010 vart dei tilsette informert om at bussproduksjonen i Stryn vart lagd ned. Ei lokal investorgruppe overtok og førde produksjonen vidare, men det nye selskapet, Vidre AS, måtte gje opp i 2013. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Omtalane er ordna etter oppstartsår:

Innvik Ullvarefabrikk

I 1890 grunnla Wald P. Skaaden ”Indvikens Uldvarefabrik” i heimbygda. Dette vart eitt av dei store industrieventyra i Sogn og Fjordane.

Indvikens Uldvarefabrik

– sjå Innvik Ullvarefabrikk.

Innvik og Sellgren Industrier AS

– sjå Innvik Ullvarefabrikk.

Innvik Sellgren AS

– sjå Innvik Ullvarefabrikk.

Innvik Sellgren AS avd. Innvik

– sjå Innvik Ullvarefabrikk.

Fromholz Bokhandel

– sjå Innvik Ullvarefabrikk.

Hammerstad hesteskofabrikk

i Utvik vart starta i 1898 starta av Dankert Johanson Loen.

Johan Mathiasson Bergset

dreiv hesteskofabrikk og landhandel på Verloøyra i Utvik i åra kring 1900. Bergset selde i 1911 fabrikken og flytta til Austlandet. – Sjå også Hammerstad hesteskofabrikk.

Utviken Trevarefabrik

var ein tønne- og trevarefabrikk som vart starta av Absalon J. Kårstad kring 1900.

Feldes Skoverksted

i Utvik vart starta av Leif O. Felde kring 1900.

Leif Berge

i Utvik var bygdesmed og dreiv m.a. produksjon av landbruksutstyr i tillegg til reparasjonar. Han laga også møbelbeslag og bordflaggstenger i messing. Det er ukjent når Berge hadde verksemda si i Utvik.

Stryn Cementsteinfabrikk

på Visnes i Stryn vart grunnlagt i 1912.

Oldedalen Meieri og Ysteri

vart skipa i 1913 som eit samvirkeltiltak av gardbrukarane i dalen. Geitost var ein viktig spesialitet. I 1936 vart meieriet utvida og modernisert på nytt m.a. med ny dampkjel i 1951.

Sagbruket ved Utvikelva. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sagbruket ved Utvikelva. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Utvik elektriske Sagbruk og Høvleri

vart starta i 1914 av Peder P. Myklebust. Verksemda starta samstundes med Utvik Elektrisitetsverk, og fekk straum derfrå. Sagbruket vart eitt av dei største i indre Nordfjord og gav arbeid til mykje folk. Sonen Peder Elias Myklebust overtok verksemda i 1947. – Sjå elles Handelsstaden og småindustrisenteret Utvik. - Les elles om Arne Jensen frå Utvik under Bremanger kommune: Sagbruka i Ålfoten.

Utvikens Kloggfabrikk

vart starta i Utvik i 1918 av Peder Elias Olson Verlo.

Den tidlegare Olden Mølle fekk eit nytt liv som Mølla Gjestehus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den tidlegare Olden Mølle fekk eit nytt liv som Mølla Gjestehus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Olden Mølle

vart bygd i 1920 av Olden Samyrkelag som også dreiv vanleg landhandel i bygget. 40 bønder i Olden stod bak mølla, som etter kvart også kjøpte inn korn utanfrå for maling og sal. Då eidaren etablerte seg i Olden og m.a. bygde ut ei stor turistskipskai, kjøpte han den store møllebygningen like ved og innreia den m.a. til kafé.

Verkstaden og bensinstasjonen som Karstad & Co dreiv fram til 1999. Då vart verkstaden seld til Berge & Co, medan bensinstasjonen vart driven nokre år av Roy Solbakken frå Førde. Bensinstasjonen vart lagd ned i 2008. Foto: Ottar Starheim, NRK

Verkstaden og bensinstasjonen som Karstad & Co dreiv fram til 1999. Då vart verkstaden seld til Berge & Co, medan bensinstasjonen vart driven nokre år av Roy Solbakken frå Førde. Bensinstasjonen vart lagd ned i 2008. Foto: Ottar Starheim, NRK

Karstad & Co A/S

i Stryn vart grunnlagt i 1922 av Nils Karstad (1896–1958) frå Sunnfjord. Firmaet dreiv først mekanisk verkstad, og er ei av dei eldste bilforretningane i Sogn og Fjordane. Firmaet vart i 1999 kjøpt av Berge & Co. i Førde.

Rasmus Auflem

starta som byggmeister og med trevareverkstad i Olden i 1925. På verkstaden vart det produsert dører, vindauge, trapper og andre innreiingsartiklar og møblar.

Andreas E. Sølvberg

starta trevarefabrikk og trelastforretning på Visnes i Stryn i 1927.

A. Sølvberg AS

- sjå Andreas E. Sølvberg.

Simon M. Muri

starta trevarefabrikk på Muri i Olden i 1929. Sonen Martines S. Muri starta i 1953 pensjonat.

Utvik Mek. Verksted

vart starta i 1930 av Marius K. Verlo. Han dreiv bilreparasjon og produserte også hydrauliske vippar og utstyr til sagbruk som vart levert til kundar over heile landet. - Sjå elles: Handelsstaden og småindustrisenteret Utvik.

Bygningen som husa Oppstryn Mølle s5tår kloss i riksveg 15. Foto: Ottar Starheim, NRK

Bygningen som husa Oppstryn Mølle s5tår kloss i riksveg 15. Foto: Ottar Starheim, NRK

Oppstryn Mølle

Oppstryn Mølle i Erdal vart bygt i 1932 av Ivar P. Erdal. Mølla hadde kapasitet på 700 tonn korn i året og tok imot korn frå heile undre Nordfjord. Så seint som i 1954 vart det male 34 tonn mjøl på mølla.

Lars Hatledal i Markane laga ski frå 1930-talet og til 1970-åra. Foto frå boka ”Skimakerne” av Thor Gotaas.

Lars Hatledal i Markane laga ski frå 1930-talet og til 1970-åra. Foto frå boka ”Skimakerne” av Thor Gotaas.

Stryn Møbelfabrikk A/S

vart grunnlagd i 1933 av Jon Os, Oddmund Tonning og Anders Vik.

Stryn Møbelindustri AS

– sjå Stryn Møbelfabrikk A/S.

Tonning & Stryn AS

– sjå Tonning Møbelfabrikk A/S og Stryn Møbelfabrikk A/S.

Bergset Skifabrikk

Ragnvald Bergset starta skifabrikk i Utvik i 1933 etter at han hadde arbeidd på skifabrikk i Solør i nokre år og lært faget. Skimerket til Bergset Skiverkstad eksperimenterte mellom anna med ski med luftrom i. Men skiproduksjonen lønte seg ikkje, og Ragnvald Bergset la ned etter to års drift. Sjå elles Handelsstaden og småindustrisenteret Utvik.

Lars Hatledal

i Markane starta skifabrikk i 1934. Hatledal kunne produsere opptil 150 skipar årleg, og skia hadde logo med bilete av fjellet Glitteregga på tuppen. Hatledal arbeidde ski til ut på 1970-talet. Også Birger Fænn dreiv skifabrikasjon i Markane i åra rundt 2. verdskrig.

Kari (t.v.) og Brite Svingeset på garden Svingeset i Markane med heimelaga skiutstyr ca. 1900. Foto: Foto: Andreas Svingeset. Frå boka ”Skimakerne” av Thor Gotaas.

Kari (t.v.) og Brite Svingeset på garden Svingeset i Markane med heimelaga skiutstyr ca. 1900. Foto: Foto: Andreas Svingeset. Frå boka ”Skimakerne” av Thor Gotaas.

Andreas O. Sunde

starta mekanisk verkstad i Olden i mellomkrigstida.

Hagen Treindustri A/S

Trelastforretning og snikkarverkstad starta i Stryn i 1934. Har sidan 1975 spesialisert seg på trappeproduksjon under varemerket Stryntrappa.

Hagen AS

- sjå Hagen Treindustri A/S.

Lillejords sagbruk og høvleri

på Blakset vart starta i 1934 av Anders K. Lillejord. Dei dreiv m.a. handel med skipsmaterialar. Sonesonen Arne tok over i 1952. På 1950-talet vart verksemda flytta til Tennebø ved Måløy, der verksemda vart kalla Lillejord Bruk.

Lunde Sementsteinfabrikk

vart starta på Lunde ved Nerfloen på 1930-talet av Ivar M. Lunde.

Lunde Metallstøyperi

– sjå Lunde Sementsteinfabrikk.

I denne bygningen kloss i riksveg 60 heldt Skarstein Trevarefabrikk til. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I denne bygningen kloss i riksveg 60 heldt Skarstein Trevarefabrikk til. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skarstein Trevarefabrikk

i Olden vart grunnlagd i 1935 av Kolbjørn og Ivar Skarstein. Dei produserte dører, vindauge og møblar.

Stryn Kostefabrikk heldt til i denne bygningen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stryn Kostefabrikk heldt til i denne bygningen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stryn Kostefabrikk

vart starta i 1936 av Andreas Hool og Jens Lien. Kostane framstilte dei på sjølvkonstruerte maskinar. I 1946 kom også Kristian Hool og Jakob P. Sandbakk med i firmaet. Kostefabrikken hadde kundar over heile landet.

Skogstad Sport A/S

Halstein Skogstad starta skreddarforretning i Innvik i 1936. Det utvikla seg etter kvart til Skogstad Sport A/S.

Skogstad AS

- sjå Skogstad Sport A/S.

Bygningane til Løken Sagbruk og Høvleri ligg ved Laukifossen. Foto: Olav Jakob Tveit.

Bygningane til Løken Sagbruk og Høvleri ligg ved Laukifossen. Foto: Olav Jakob Tveit.

Løken Sagbruk og Høvleri

Løken Sagbruk og Høvleri

i Olden vart grunnlagt i 1937 av Mons Løken. I tillegg til saging, framstilte verksemda frukt- og ostekasser.

Arne Bø

starta skifabrikk i Stryn i 1938. Seinare gjekk fabrikken over til møblar, og spesialiserte seg på lenestolar og småmøblar.

Peder E. Ulvedal

starta kring 1938 sagbruk og høvleri i Ulvedal. Frå 1945 var han også skogreisingsleiar i dåverande Innvik kommune. Også Magnar O. Almenning dreiv sagbruk i Ulvedal på 1950-talet.

Jens Tisthamar og Hans M. Tystad

dreiv kloggfabrikk på Tisthamar i nokre år på 1940-talet. Kloggar er beksaumstøvlar med tresåle.

Oskar Mæland

starta maskin- og støypegodsforretning i Stryn i 1941. Han framstilte m.a. jordbruksmaskinar, bygningsartiklar og utstyr for meieri, og forhandla glas, radioar m.m.

Olav Auflem møbelverkstad

grunnlagt av den same i Olden 1945. Produserte møblar og bilkarosseri.

Foto: NRK.

Foto: NRK.

Industri-eventyret om Sunde-buksene og Ricco Vero

Kvamme & Sunde A/S i Olden vart grunnlagt i 1946 av Einar Kvamme og Johannes Sunde.

Kvamme & Sunde A/S

– sjå artikkelen Industri-eventyret om Sunde-buksene og Ricco Vero.

Sunde Konfeksjon A/S

– sjå artikkelen Industri-eventyret om Sunde-buksene og Ricco Vero.

Kvamme Konfeksjon

– sjå artikkelen Industri-eventyret om Sunde-buksene og Ricco Vero.

Ricco Vero AS

– sjå artikkelen Industri-eventyret om Sunde-buksene og Ricco Vero.

Meland Sag og Høvleri AS

vart starta på Meland av Jon Meland i 1946.

Tonning Møbelfabrikk A/S

vart grunnlagd i 1946 av Ingvar og Svein Bringsvor og Åsmund Breidablikk.

Bringsvorbygget

- sjå Tonning Møbelfabrikk A/S.

Tonning & Stryn AS

– sjå Tonning Møbelfabrikk A/S og Stryn Møbelfabrikk A/S.

Dooria Utvik-skilt. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dooria Utvik-skilt. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dørfabrikanten Dooria AS

Ein av dei største dørprodusentane i Nord-Europa heiter Dooria og har sitt utspring i den vesle Nordfjord-bygda Utvik. Det starta i 1947.

Moelven Bruk - Vestlandsavdelinga

- sjå Dørfabrikanten Dooria AS.

Fjordtre A/S

- sjå Dørfabrikanten Dooria AS.

Fjordtre Produkter A/S

- sjå Dørfabrikanten Dooria AS.

Bjørkelid Kassefabrikk

vart starta kring 1948 av Olav G. Lee på Djup vest for Utvik. Lee kom frå Vik i Sogn.

Stryn Mek. Verksted ved riksveg 15 på Langesethøgda. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stryn Mek. Verksted ved riksveg 15 på Langesethøgda. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stryn Mek. Verksted

vart starta i 1950 av Rasmus Meland. Firmaet dreiv i hovudsak med reparasjon av bilar og hadde den første tida tre mann i arbeid. I 2007 hadde verksemda 17 tilsette og ei årsomsetning på over 30 millionar kroner.

Simatex A/S

vart starta i Innvik i 1959 av Torstein Presthus, som då flytta bedrifta med seg frå Trøndelag. Laga plastryer.

Jakob Berge Plastindustri AS

vart starta på Årheim i Stryn i 1959.

R. V. Hages Sementsteinsfabrikk

vart starta i Utvik kring 1960 av Reidar Olav V. Hage. Han samarbeidde med ein bror om drifta.

Nordfjord Kjøtt i Loen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nordfjord Kjøtt i Loen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nordfjord Kjøtt AS

Nordfjord Kjøtt AS i Loen er i dag ein av dei største, norske kjøtvareprodusentane utanom landbrukssamvirket. Nordfjord Kjøtindustri vart grunnlagt i 1961 i Olden, som eit resultat av ein bitter lokaliseringsstrid i Nordfjord.

Nordfjord Kjøtindustri A/S

– sjå Nordfjord Kjøtt AS.

Nordfjord Kjøtt Slakt AS

– sjå Nordfjord Kjøtt AS.

Industrihussuksessen på 1960-talet

Få kommunar fekk større suksess enn Stryn og Hornindal med bygging av kommunalt eigde industriutleigebygg, som var den store moteretninga i norsk distriktspolitikk på 1960-talet.

Humlen Industrier

sjå artikkelen Industrihus-suksessen på 1960-talet.

Martin J. Bakkelid

starta i 1962 ein trevarefabrikk på Muri i Olden.

Brødrene Almenning trevarefabrikk

på Blakset vart starta i 1965 av brørne Hallvard, Sveinung og Yngve Almenning og Johanna Myklebust. I 2002 heiter verksemda Almenning AS, produserer treskilt og hadde i 2002 fire tilsette. Men drifta vart lagd ned i 2014, og anlegget vart selt til Eileen Mortensen og Henrik Rosenlid. Dei skal bruke det til å oppbevare veteranbilar.

I Stryn er det produsert bussar sidan 1945, først av Nordfjord og Sunnmøre Billag, frå 1965 i Vest Karosseri, seinare Vest Busscar og frå 2011 Vidre. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I Stryn er det produsert bussar sidan 1945, først av Nordfjord og Sunnmøre Billag, frå 1965 i Vest Karosseri, seinare Vest Busscar og frå 2011 Vidre. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vest Karosseri A/S

bussfabrikk vart grunnlagt i 1965.

Vest Buss Gruppen AS

- sjå Vest Karosseri A/S.

Vest-Busscar

- sjå Vest Karosseri A/S.

Vest Buss Industrier AS

- sjå Vest Karosseri A/S.

Gode Busser Holding AS

- sjå Vest Karosseri A/S.

GB Drift AS

- sjå Vest Karosseri A/S.

Vidre AS

- sjå Vest Karosseri A/S.

Berglid Trevare

på Blakset vart starta i i 1967 av Arne Berglid og Jon Blakset.

Fluor-Lux AS på Tonningsleirane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fluor-Lux AS på Tonningsleirane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fluor-Lux AS

flytta frå Nordfjordeid til Stryn i 1967 og bygde seg opp som ein spesialfabrikk for sjølvlysande skilt.

Kåre Sandvik

starta bilverkstad med bensinstasjon på Folven i Oppstryn i 1968.

Møre Diesel A/S

i Ålesund starta avdeling for Scania lastebilar og bussar i Stryn i 1971.

Norsk Scania AS avdeling Stryn

- sjå Møre Diesel A/S.

Industrisuksessen Pretre AS

Takstolfabrikken Pretre AS, etablert i 1976, har vorte ein av dei store industrisuksessane i Stryn, med fabrikkar spreidd over heile Sør-Noreg.

Svarstad Bygg

- sjå Industrisuksessen Pretre AS.

Norske Pretre AS

- sjå Industriuksessen Pretre AS.

Constructia AS

- sjå Industriuksessen Pretre AS.

Stryn Betongelement AS

i Loen vart skipa i 1980 og produserer betongelement og ferdigbetong.

Kveen Motor AS

- sjå Lars Kveen AS.

Sunde Bygg

- sjå Stryn Betongelement AS.

Stryn Betong AS

- sjå Stryn Betongelement AS.

Olden Brevatn A/S

vart grunnlagt i 1992 av Inge Melkevoll, Svein og Olav Kvame og Knut Ødven. Verksemda har gjort stor suksess med sal av vatn, tappa frå ei kjelde under isbreen.

Stryn Vognfabrikk

vart starta i 1995 av Jostein Bøe.

Stryvo AS

- sjå Stryn Vognfabrikk.

Utvik Maskin AS

maskinentreprenør vart skipa i 1998 av Rasmus Hage.

Maskinrep AS

- sjå Utvik Maskin AS.

Nordfjord Mekaniske AS

vart starta i Stryn i 1998 av Elias Loen, Bjørn Åge Flo og selskapet ISCO.

Nomek AS

- sjå Nordfjord Mekaniske AS.

Industri-lakkering AS

vart starta i Stryn i 2007 av Paul Roger Sunde. Verksemda held til på Vikaleirane og utfører m.a. lakkeringsoppdrag for omnprodusenten Bionordic i Jostedalen.

Stryn Bilverksted AS

vart starta i 2011 av Kjell Steinar Lindvik, Arvid Sunde og Magnus Guddal. Verkstaden held til på Vikalleirane og er knytt til BilXtra-kjeda.

Utvik Tre

vart starta i 2012 av Johan Berge i lokala etter den tidlegare Dørfabrikanten Dooria AS i Utvik. Verksemda overtok produksjonen av den såkalla OT-kjelken frå Opsahl Treindustri AS i Oslo. I tillegg produserer verksemda dører, garderobar og baderomsmøblar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.06.2015