Hopp til innhold
X
Innhald

Fabrikkar og verkstader i Vågsøy

Frå Blaalid Slip på 1920-talet. Dampskipet til venstre heiter ”Vaar”. Ukjend fotograf. Eigar: Andor Smørdal/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Frå Blaalid Slip på 1920-talet. Dampskipet til venstre heiter ”Vaar”. Ukjend fotograf. Eigar: Andor Smørdal/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Verksemdene er ordna etter startår, og omfattar verft, fabrikkar, bakeri, reparasjonsverkstader m.a.:

Brunvolds Mek. Verksted

var den første store slippen i Ytre Nordfjord, grunnlagt i Måløy i 1904 av John Brunvold frå Harøya. Verksdmda dreiv slipp og motorservice fram til ca. 1980, då eigedomane vart kjøpte for utviding av Inter-Com-Terminalen på Gotteberg. Verkstaden og bustadhuset vart rive i 1985.

Tønnefabrikken sett frå andre sida av Ulvesundet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tønnefabrikken sett frå andre sida av Ulvesundet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hagevik Tøndefabrikk

vart starta i 1904 av Henrik Gillesvik i Hagevik nord for Trollebø.

Moldøen mek. Verksted

vart grunnlagt i 1912 av ing. Ellef Ellefsen. Han dreiv til han gjekk konkurs i 1920 slipp i Måløy sentrum.

Verlo A/S

- sjå Moldøen mek. Verksted.

Ulvesund Dampmeieri

vart grunnlagt i 1914 av Reiel Eldevik. Han dreiv meieriet i det som seinare vart heitande «Brunsvik-huset». Meieriet vart nedlagt i 1919.

Ingvald Tennebø

starta røyrleggjarforretning og mekanisk verkstad i Måløy kring 1918.

Tennebø Mekaniske Verksted og Rørleggerforretning

– sjå Ingvald Tennebø.

Nordfjord Frukt- og Saftfabrikk A/S

Nordfjord Frukt- og Saftfabrikk A/S

vart bygd på Seterneset i Måløy i 1920. Verksemda fekk seinare namnet Nordfjord Preservering.

Blaalid Slip og Mek. Verksted

på Raudeberg, grunnlagt av Gustav Blålid 1922.

Blaalid AS

- sjå Blaalid Slip og Mek. Verksted.

Stadyard AS

- sjå Blaalid Slip og Mek. Verksted.

Måløy Meieri

vart grunnlagt 1926 av Kristen J. Sunde. Låg først på Midtgård. Frå 1958 til nedlegging i 1990 heldt det til på Gotteberg.

Einar Sætren

starta sykkelverkstad og produksjon av varmeomnar i Måløy i 1928.

Sætren Installasjon AS

- sjå Einar Sætren.

Kriken Bilverksted

på Maurstad vart starta i 1938 av Mathias Kriken.

Ola Kassen

starta kloggfabrikk (kloggar er ein slags tresko) på Totland i 1942.

Gjengedals snikkarverkstad

vart starta i 1942 i Almenningen av Josef Gjengedal. Han bygde eigen fabrikk i 1950, og dreiv produksjon av dører, vindauge, trapper og andre innreiingsartiklar.

Kvalheim & Rønning bilverksted

Kvalheim & Rønning bilverksted vart starta i Måløy i 1946 av Torleif Rønning og og Andreas O. Kvalheim.

Hagens Auto på Bryggja. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hagens Auto på Bryggja. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Birger Hagen

starta i 1946 bensinstasjon og bilverkstad på Maurstad ved Bryggja.

Hagens Auto AS

- sjå Birger Hagen.

Båtbygg A/S

på Kapellneset på Raudeberg vart grunnlagt i 1949 av Abraham Kongsvik, Alf Sandvik og Alf Johnsen.

Båtbygg A/S på Kapellneset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Båtbygg A/S på Kapellneset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

John Johansen Slip & Mek

på Raudeberg vart starta i 1949 av John Johansen.

Johansen Slip og Mek A/S

- sjå John Johansen Slip & Mek.

Selstad AS

Selstad AS

vart grunnlagt i 1953 av brørne Harald og Alf Selstad. Sal og vedlikehald av reiskap til fiskeflåten og oppdrettsnæringa.

Lillejord Bruk

på Tennebø - sjå Fabrikkar og verkstader i Stryn: Lillejord sagbruk og høvleri, startår 1934.

Bygg og Innbu A/S

Trevarefabrikk i Almenningen. Grunnlagt 1957 av Steinar Dybedal, Jørund Almenning og Ragnar Nesheim.

Nordvestvinduet Bygg og Innbu AS

– sjå Bygg og Innbu A/S.

Måløy Båt og Industrisøm AS

vart starta på Sæternes i 1966 av Martin Nerland og Helge Oppedal.

Vågsøy Ferdigbetong AS

starta i 1976 i Vågsvåg. Her er det også pallefabrikk. Sjå: J. Steenslid AS.

West Products AS

båtbyggeri vart starta i Blålid i 1978 av seljeværingen Oddbjørn Nygård.

Westcraft AS

- sjå West Products AS.

Glassmester Kvamme AS

på Almenningen vart starta i 1992. Firmaet driv med glasmeistertenester. I starten reiste dei rundt i fire kommunar i Nordfjord. I 2012 er dette utvida til 88 kommunar, heile Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Oppland.

Aurobåt AS

vart starta i Skavøypollen i 1995 av Evald Bortne, Agnar Kupen og båtkonstruktøren Ola Lilloe Olsen.

Måløy Verft

- sjå Forretningsfamilien Sætremyr.

ASVO Måløy AS

er ei bedrift med eit varig tilrettelagd arbeidstilbod, eigd av Vågsøy kommune. Verksemda har 25 tilrettelagde arbeidsplassar og fem arbeidspraksisplassar. ASVO Måløy AS driv mellom anna med skiltproduksjon og gjenvinnning av papp, papir og plast.

BFG – Best Fishing Gear

– i Deknepollen vart grunnlagt av Bodvar Vetrhus og Gunnar Carlson i 1999. Verksemda produserer egnemaskiner til lineflåten.

North Cape Minerals

Gruveselskap med hovudkvarter i Bærum, som m.a. driv utvinning av olivinstein frå gruvene i Lefdal, og med knuseverk og utskipingskai på Kalneset ved Bryggja. I 2009 vart drifta stansa mellombels for fem år.

Sibelco Nordic AS

- sjå North Cape Minerals.

Isovent AS

ventilasjons- og blikkenslagarbedrift, skipa i 2003 av Wictor Svoren, Johnny Husevåg, Andreas Runderheim og Stig Levi Oksholen. Isovent hadde i 2010 12 tilsette. Selskapet kjøpte i 2010 blikkenslagarverksemda Ernst C. Husevåg på Nordfjordeid.

Easy Form AS

er ei mekanisk verksemd som vart skipa i 2005 med m.a. Gunnar Carlson, Ken Carlson, Eivind Flister og folk på Sunnmøre som eigarar.

Ecoice AS

på Raudeberg - ein fabrikk som produserer tørris - vart skipa i 2010 av Frode Falkevik Kupen og Blaalid AS. Produksjonen føregår i ein av verkstadhallane til Blaalid As. Tørris blir brukt til reingjering og fjerning av t.d. måling og oljeprodukt.

Les meir om: Industri og næring i Vågsøy

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.04.2013