Hopp til innhold
X
Innhald

Fabrikkar og verkstader i Vik

Vik Verk har sidan 1960-talet vore den viktigaste arbeidsplassen i Vik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vik Verk har sidan 1960-talet vore den viktigaste arbeidsplassen i Vik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Omtalane er ordna etter oppstartsår:

Planar om ullvarefabrikk i Vik

I 1811 var det planar om å byggje ein ullvarefabrikk i Vik. Det var Selskapet for Norges Vel som tok opp tanken. Planen var å få i gang to-tre vevstolar. Selskapet skulle yte tilskot, men ingenting tyder på at «ullvarefabrikken» kom i gang.

Storesagi i Fresvik og sag på Fresvikåsen

- sjå eigen artikkel under Historie: Fresvik-godset.

Handel og brusfabrikk i Vik

Endre Andersen starta landhandel i Vik i 1866 etter først å ha arbeidd som skomakar. Han dreiv også ein liten brusfabrikk bak butikken - dette vart kalla «Brushuset».

Hove Meieri

vart starta i 1874 etter opptak frå Anders Sjurson Fedje - sjå Meierihistoria i Vik.

Ludvig E. Eikaas

frå Jølster bygde smie og reiskapsverkstad i Røysane i Vik på 1870-talet.

Hans Lilleøren

slipp - sjå Ludvig E. Eikaas.

Balvolls Planteskule

Hadde ein årleg produksjon på opptil 400.000 skogstre.

Orvedals mølle.  Ukjend fotograf. Eigar: Petter Følid/Vik lokalhistoriske arkiv.

Orvedals mølle. Ukjend fotograf. Eigar: Petter Følid/Vik lokalhistoriske arkiv.

Orvedals Mølle

i Vik vart bygd i 1890 av hotelleigar Jens Krogh Hopstock. I 1899 overtok Anders H. Sæbø. Mølla var i bruk til midt på 1980-talet med Petter Følid som siste eigar.

Vik Meieri

vart starta 1897 etter opptak frå sokneprest S.B. Hersleb Walnum - sjå elles Meierihistoria i Vik.

Martin Larsen

starta bakeri i Vik i 1905 og dreiv fram til han døydde i 1927, då Mons Thorsen kjøpte det (sjå Mons Thorsen - bakeri og daglegvare). Bakeriet vart drive fram til 1987.

Volds Mølle

vart bygd i 1905 i Vik av Svein A. Vold, og seinare driven av Nikolai Erdal (sjå Sagbruk og trelast på Vikøyri). Etter mange år utan drift, vart bygget rive i 1930.

Framfjorden med den tidlegare talkummølla. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Framfjorden med den tidlegare talkummølla. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Talkgruvene i Framfjorden

I 1907 sikra Didrik W. Blaauw seg retten til å drive gruvedrift på dei store talkforekomstane som han oppdaga kring gardane på Lee.

Nikolai Erdal starta sagbruk.

Nikolai Erdal starta sagbruk.

Mineral og Kraft A/S

- sjå Talkgruvene i Framfjorden.

A/S Framfjord Talcmill

- sjå Talkgruvene i Framfjorden.

Draum om storindustri i Arnafjord

A/S Arnefjord var eit fossekompani som sikra seg fallrettane i vassdraga i Arnafjorden i tida frå 1909 til 1917.

Sagbruk og trelast på Vikøyri

Nikolai Erdal frå Førde starta sagbruk og trelasthandel på Vikøyri i 1909. Han prøvde seg også på produksjon av sementstein og tønner, og dreiv Volds Mølle nokre år. Firmaet Viks Trælasthandel vart drive av tønnemakar Jakob Hornnes frå Førde frå 1922 til 1946, då det brann ned. Hornnes dreiv også Vik Trevarefabrikk frå 1931 til 1941.

Ola J. Grov

starta i 1909 reparasjonsverkstad for gardsreiskapar i Vik. Han produserte også ein del reiskapar ved verkstaden.

Skau's Kassefabrikk

vart starta i Fresvik i 1910 av Jon Skau. I 1914 bygde han sagbruk, og frå 1927 dreiv han kasseproduksjon.

Handelsverksemda på Nese

Markus Nese bygde i 1915 eige bakeri, og dreiv også sagbruk og båtfrakt med opptil fleire båtar.

Vik på 1920-talet. Den store bygningen er Vik Trevarefabrikk. Foto: Ole P. Fosse. © Vik lokalhistoriske arkiv

Vik på 1920-talet. Den store bygningen er Vik Trevarefabrikk. Foto: Ole P. Fosse. © Vik lokalhistoriske arkiv

Vik Trevarefabrikk A/S

Vik Trevarefabrikk A/S vart bygd i 1920 med dansken Waldemar Andersen som disponent.

Ta Go Trevarefabrikk

- sjå Vik Trevarefabrikk A/S.

TaGo & Co

- sjå Vik Trevarefabrikk A/S.

Johnnie Jacobsen Design AS

- sjå Vik Trevarefabrikk A/S.

Vik Hermetikkfabrikk (Sardinen)

Hermetikkfabrikken la først og fremst ned brisling, men hermetiserte også frukt, og laga saft og syltetøy.

Central Canning

– sjå Vik Hermetikkfabrikk (Sardinen).

Hans Lilleøren

starta i 1932 ein slipp for reparasjon av motorbåtar på Vetleøyri, og hadde tre mann i arbeid. Den største båten på slippen var ein 62 fots jernbåt frå NACO i Høyanger. Slippen var i bruk til 1965.

Hovland sag og kassefabrikk

på Vangsnes vart starta av Per Hovland. I tillegg til vanleg skurlast, produserte verksemda både frukt- og fiskekasser.

Vik slakteri og pølsefabrikk

Fabrikken produserte m.a. ei spesiell fårepølse, og hadde 10 tilsette.

Thune & Co.

- trelast, byggevare- og landbruksvarer, vart starta i 1946 i Vik av Olav Thune. Dei første åra dreiv han sagbruk under firmanamn Thune Sag & Kassefabrikk.

Thune Sag & Kassefabrikk

- sjå Thune & Co..

Helge Nummedal

starta snikkarverkstad i Vik i 1948. Spesialiteten var vevstolar av ulik storleik. Desse vart i hovudsak omsett gjennom Vestlandske Husflidslag. Men verkstaden produserte også kjøkkeninnreiingar, vindauge og dører.

ARA Næringsmiddelfabrikk AS

vart starta i Vik i 1949 med Arne Vik som disponent. Fabrikken produserte smelteost.

Helge Salbu produserte plastbåtar i den raude og kvite bygningen ved kaia i Finden. I dag er plastbåtfabrikken bygd om til serveringsstad for Finden Gard. Foto: Per Nikolai Solheim.

Helge Salbu produserte plastbåtar i den raude og kvite bygningen ved kaia i Finden. I dag er plastbåtfabrikken bygd om til serveringsstad for Finden Gard. Foto: Per Nikolai Solheim.

Helge Salbu

dreiv nokre år på 1960-talet med produksjon av plastbåtar i Finden. Han tok patent på eit spesielt ballastsystem for småbåtar som vart kalla «Sjøfix».

Hjørnesteinsverksemda Vik Verk

Vik Verk har sidan 1969 vore den største arbeidsplassen i Vik kommune og var tufta på idéen om at Sogn og Fjordane som storprodusent av kraft til aluminiumsverka måtte få eigne fabrikkar som kunne vidareforedle aluminiumsbarrane til ferdigvarer. I 2010 jeiter verksemda Vik Ørsta.

Foto: Ottar Starheim, NRK.

Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vik Verk AS

- sjå Hjørnesteinsverksemda Vik Verk.

Vik Aluminium

- sjå Hjørnesteinsverksemda Vik Verk.

Euroskilt avdeling Vik

- sjå Hjørnesteinsverksemda Vik Verk.

Saferoad AS

- sjå Hjørnesteinsverksemda Vik Verk.

NORAC avdeling Vik

- sjå Hjørnesteinsverksemda Vik Verk.

Vik Industrier AS

- sjå Hjørnesteinsverksemda Vik Verk.

Ørsta Euroskilt

- sjå Hjørnesteinsverksemda Vik Verk.

Vik Ørsta

- sjå Hjørnesteinsverksemda Vik Verk.

Petal AS

- sjå Hjørnesteinsverksemda Vik Verk.

Vik Industrihus

vart bygt i 1970, og gav plass til fleire nyskipa verksemder som Viking Husflid AS (seinare Viking Interiør og Linn Bad) og Sogn Mek. Verksted.

Viking Husflid AS

- sjå Vik Industrihus.

Vik Interiør AS

- sjå Vik Industrihus.

Linn Bad AS

- sjå Vik Industrihus.

Linn Bad AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Linn Bad AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sogneprodukter AS

i Vik vart starta som verna verksemd i 1972. I 1981 tok verksemda over Viking Kafeteria, og i 1984 Vik Bensinstasjon. I 1982 bygde stiftinga «Hybelheimen».

Vik Bil AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vik Bil AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vik Bil AS

vart starta som reparasjonsverkstad i 1978 av Sverre Kløve, Ingolf Fjærestad og Osvald Risløv. Sidan har verksemda utvida med bensinstasjon, oljetransport og redningsteneste, og har i 2002 15 tilsette.

Fresvik Produkt. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fresvik Produkt. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fresvik Produkt AS

Verksemda har gjort stor suksess med produksjon av isolasjonselement til kjølerom. Fabrikken har m.a. industri, storkjøkken og oljeverksemda i Nordsjøen som kundar.

Trykkservice AS

vart starta i 1989 i Vik av Per Tubbene. I samarbeid med Pjuma Reklame ved Per Johnny Undi gav verksemda ut annonsebladet «Vika». Trykkeriet vart etter nokre år flytta til Årdal.

Vik Asvo AS

er ei verna verksemd som vart skipa av Vik kommune i 1992.

Røyrvik Bygg og Betong AS

Røyrvik Bygg og Betong AS

i Vik vart skipa i 1992 av Magne Røyrvik. Verksemda hadde i 2006 13 tilsette og ei omsetning på nærmare 22 millionar kroner. Sjå elles Vik Hermetikkfabrikk (Sardinen).

Fjordsylv

vart starta i Vik i 1996 av Knut Mykkeltvedt frå Voss.

Vik Trafokjøt DA

slakteri på Vange vart skipa i 2003 av bønder som produserer økologisk kjøt.

Vikja AS

- sjå Vik Trafokjøt DA.

I denne tidlegare trafostasjonen held Vikja AS til. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I denne tidlegare trafostasjonen held Vikja AS til. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.01.2013