Hopp til innhold
X
Innhald

Fabrikkar, verkstader og verft i Flora

Etableringa av Ankerløkken verft i 1949 fekk mykje å seie for næringslivet i Flora. Dette biletet er frå 1950-talet, og det er fiskebåten Hoddevik som står på beddinga. Foto: Odd Standal.

Etableringa av Ankerløkken verft i 1949 fekk mykje å seie for næringslivet i Flora. Dette biletet er frå 1950-talet, og det er fiskebåten Hoddevik som står på beddinga. Foto: Odd Standal.

Omtalene er ordna etter oppstartsår:

Les også om:

  • Sildoljefabrikkane
  • Hermetikkfabrikkane
  • Sildefiskernes Fabrikklag
  • Industri og næring i Flora
  • Restane av stigetårnet til Svanøy Gruber. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Restane av stigetårnet til Svanøy Gruber. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Sagbruk i Terdalen

    Frå tidleg 1600-tal kjenner ein til at det har vore sagbruk i Terdalen, som ligg på Nordsida av Nordalsfjorden.

    Kopargruva på Svanøy

    var ei av dei største industriverksemdene i Sunnfjord kring 1. verdskrig.

    R. Angell-Jacobsen Trykkeri

    vart skipa i Florø 1872 som det første trykkeriet i Sogn og Fjordane. Trykkeriet hadde m.a. trykkinga av Nordre Bergenhus Amtstidende.

    Jens Severin Bloch Helmers

    - sagbruk, høvleri, tønnefabrikk, salteri og fiskebruk.

    Brørne Lyder og Bertinus Sunde

    starta i 1893 landhandel, bakeri, fiskemottak og trandamperi i Rognaldsvåg.

    Tønnefabrikantane Hovland

    Kristoffer Dahle-Hovland starta tønneproduksjonen i Eikefjord. To av sønene hans starta tønnefabrikkar i Dale.

    Florø Mekaniske Verksted

    vart skipa i 1905 av smed Lars Berntsen. Han bygde mekanisk verkstad og det som til då var største slippen i distriktet.

    Sindres Slipp & Mek. Verksted

    - sjå Florø Mekaniske Verksted.

    Florø Bil & Havneservice AS

    - sjå Florø Mekaniske Verksted.

    M.M. Myklebust kjøtforretning

    vart skipa i 1908, og dreiv slakteri og pølsefabrikk, og sysselsette over 20 personar. Firmaet tok også imot kvalkjøt, og hadde leveransar over heile landet av spesialiteten sin, som var spekekjøt og pinnekjøt.

    Albert Eikefjord

    - fiskebåtreiarlag og tønnefabrikk.

    E. Natviks Prenteverk

    vart grunnlagt i 1909 av Erik Johannesson Natvik frå Naddvik i Sogn.

    Ole A. Eikefjord

    landhandel, tønnefabrikk og møbelverkstad. Eigedomane etter Ola A. Eikefjord er no eigde av Arve Havn, som m.a. driv bilforretning og bensinstasjon (sjå under Albert Eikefjord).

    A. Myklebust

    starta i 1910 dampbakeri i Florø.

    Kinn Sildolje-, Kraftfoder- og Guanofabrikk

    vart bygd i Årebrot nord for Florø. Grunnlagt i 1911 av Johan Larsen.

    Georg Gregoriussen

    - fiskemottak, sildesalteri, sildolje- og fiskemjølfabrikk på Barekstad.

    Firda Frugtkonservering

    var ein saftfabrikk som vart starta i Florø i 1919. Den heldt til i Strandgata 36 og var ei avdeling av Rauma Saftfabrikk. Seinare tok Arne Sunde over drifta av fabrikken, som vart lagd ned truleg like før 2. verdskrig.

    Brandsøy Planteskule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Brandsøy Planteskule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Brandsøy Planteskule

    vart skipa i 1921 av Bergens Skogselskap for å dyrke skogplantar til planting i Sogn og Fjordane. Då Bergens Skogselskap vart delt fylkesvis i 1941, overtok Sogn og Fjordane Skogselskap planteskulen.

    Forretnings- og industrimannen Olav Sande

    Olav Sande starta m.a:

    • Radiofabrikken Vest Radio
    • A/S Momentan Urmakarforretning
    • Urmakarforretning

    Nils Nilsen Slipp og Mekanisk Verksted

    vart skipa i 1927 av Nils Nilsen, og hadde kring seks personar i arbeid. Slippen kunne hale opp fiskebåtar på inntil 60 fot.

    Svanøy Båtbyggeri og Slipp. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Svanøy Båtbyggeri og Slipp. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Svanøy Båtbyggeri og Slipp

    vart starta i 1929 av Hermann Tveit. Verkstaden bygde trefarty opptil 90 fot, og sysselsette kring 10 personar. Båtbyggeriet er framleis i drift.

    Skudal Slipp & Mek. Verksted

    vart starta i 1932 av Bertel Nilsen og hadde sju personar i arbeid på det meste. Slippen låg der Snorre Senter vart bygt på 1980-talet.

    Bjercks Konfeksjonsfabrikk

    vart skipa i 1933 av Oluf Bjerck, som starta med fem syersker. Verksemda bygde ny fabrikk i 1947. Verksemda vart avvikla på 1970-talet og bygningen leigd ut til andre føremål.

    Florø Møbel- og Trevarefabrikk A/S

    vart skipa i 1941 av Ole Røyseth Brende. Fabrikken hadde opptil 20 personar i arbeid.

    G. Solheim Trevareindustri

    vart skipa i 1945, sysselsette fire personar og produserte dører, vindauge og kjøkkeninnreiingar.

    Rolf Ulriksen

    starta i 1947 snikkarverkstad. Han bygde eigen fabrikk for innreiingsartiklar i 1950, og sysselsette seks personar.

    Florø Støperi

    vart skipa i 1947 av Torleif, Leif og Alf Larsen. Firmaet laga utstyr og maskindeler til fiskeflåten, landbruk og industri, og sysselsette 15 personar.

    Tønnefabrikken Solid A/S Storebru Landhandel og Møbelverksted

    - sjå Ole A. Eikefjord.

    K. Amundsen Metallstøyperi

    dreiv frå 1949 og nokre år metallstøyperi i Florø, der dei produserte skipsventilar, maskindelar og garnutstyr til fiskeflåten.

    Kranane på verftet har i mange år vore ein del av bybiletet i Florø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

    Kranane på verftet har i mange år vore ein del av bybiletet i Florø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

    Ankerløkken-eventyret

    Ankerløkken-eventyret starta i Florø i 1949 og enda med hjørnesteinsbedrifter i både Flora og Førde. Verftet har seinare vore eigd av Kleven og Kværner.

    Fram til 2010 eit vanleg syn i Florø, eit nytt skip ved verftet. Men så kom ordretørken. Foto: NRK.

    Fram til 2010 eit vanleg syn i Florø, eit nytt skip ved verftet. Men så kom ordretørken. Foto: NRK.

    Kleven Florø

    - sjå Ankerløkken-eventyret.

    Kværner Florø

    - sjå Ankerløkken-eventyret.

    Kleven Design

    - sjå Ankerløkken-eventyret.

    Aker Yards

    - sjå Ankerløkken-eventyret.

    STX Norway Florø AS

    - sjå Ankerløkken-eventyret.

    Westcon Yard Florø

    - sjå Ankerløkken-eventyret.

    E. Sundal trevarefabrikk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

    E. Sundal trevarefabrikk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

    E. Sundal trevarefabrikk

    vart starta av Elias Sundal i Norddalsfjorden i 1950. Sjå E. Sundal.

    Heggøs Båtbyggeri & Slip

    vart skipa i 1950 av Anders Heggø. Slippen sysselsette 5-6 mann, og kunne reparere båtar på opptil 70 fot.

    Felleskjøpet i Florø

    Felleskjøpet, opphaveleg Vestlandske Kjøpelag, etablerte seg i Florø i 1949 og bygde mjølblanderi og kraftfôrlager i 1954.

    Bauge Trevare

    er ein trevarefabrikk som vart starta i 1954 av Arne Bauge.

    H-Vinduet Bauge AS

    - sjå Bauge Trevare.

    Snekker´n Bauge Interiør

    - sjå Bauge Trevare.

    Henrik Nygård

    starta blekkslagarverkstad i Florø i 1960.

    H. Nygård AS

    blekkslagarfirma - sjå Henrik Nygård.

    Seljestokken Båtverkstad

    på Seljestokken vart starta av Norvald Seljestokken tidleg på 1960-talet. Seinare overtok sonen Torleif Seljestokken. Vedlikehaldsverkstaden har tre tilsette.

    Nina Seljestokken og Kjetil Nesthus i gang med båtpuss på Seljestokken Båtverkstad. Foto: Ole Ramshus Sælthun, NRK.

    Nina Seljestokken og Kjetil Nesthus i gang med båtpuss på Seljestokken Båtverkstad. Foto: Ole Ramshus Sælthun, NRK.

    A/S Ekvator

    starta i 1963 produksjon av elektriske varmeomnar i Florø. Verksemda var då flytta frå Oslo, og fekk frå starten 47 tilsette i Florø.

    El-Nor Industri A/S

    – sjå A/S Ekvator.

    Vestnes Produkt AS

    – sjå A/S Ekvator.

    Vestnes Innreiing AS

    – sjå A/S Ekvator.

    Vestnes Ocean AS

    – sjå A/S Ekvator.

    Batalden Systove

    vart starta på Batalden i 1970 av Reidun og Kjell Russøy.

    Batalden Saum

    - sjå Batalden Systove.

    Øytex

    - sjå Batalden Systove.

    West Industri Service i Brandsøysundet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    West Industri Service i Brandsøysundet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    West Industri Service

    vart skipa i 1974 av Ludvik Brandsøy, men høyrer no til INC-gruppa. Driv som mekanisk verkstad med rørlegging som spesialitet. Hadde i 2000 ei omsetning på 48 millionar kroner, og 70 tilsette.

    Solberg & Hellebust

    glasmeistarverkstad vart starta i 1974.

    Jostein Fuglestrand

    starta i 1978 billakkeringsverkstad ved Gunhildvågen.

    Florø Biloppretting

    - sjå Jostein Fuglestrand.

    Florø Bilskade AS

    - sjå Jostein Fuglestrand.

    Sunnfjord Produkt A/S

    er ei verna verksemd som vart starta i Havreneset i Florø i 1979.

    Origod AS

    - sjå Sunnfjord Produkt A/S.

    NBN Elektro AS

    vart skipa i 1979 av Per A. Nødseth.

    Årebrot Sag

    vart starta tidleg på 1980-talet av Helge Kleiven. Då han i 2001 flytta firmaet sitt til Måløy, overtok Ronny Brandsøy verksemda på Årebrot, som driv sagbruk, palleproduksjon og trelasthandel.

    Eikefjord Mekaniske Verksted

    vart skipa i 1986 av Magnar Sunnarvik, Svein Sigdestad og Allan Tonheim.

    Eikefjord Marine

    Skipsverft i Eikefjord bygd i 1987. Er overteke av INC-gruppa under namnet Norwegian Marine.

    Norwegian Marine

    - sjå Eikefjord Marine.

    Janco Bilrep AS

    i Florø vart starta i 1988.

    Foto: Ottar Starheim, NRK.

    Foto: Ottar Starheim, NRK.

    Eikefjord Elektro

    vart starta i 1988 av Jarle Årset.

    Fiskefôrfabrikken Ewos

    I løpet av 1990-talet vart Ewos bygd ut til å bli ein av verdas største fiskefôrfabrikkar, med ein årsproduksjon på 150.000 tonn.

    Vest Montering A/S

    vart grunnlagt i 1991 av Ludvik Brandsøy (sjå også West Industri Service lengre oppe). Verksemda driv røyrhandel og mekanisk industri, m.a. produksjon av utstyr til oljeindustri og oppdrettsnæring, og har reisemontørar. Har i 2001 kring 85 tilsette, og åromsetninga varierer mellom 50 og 70 millionar kroner.

    Autoforum Florø AS

    vart skipa i 1992.

    Ramco Norway

    som er den norske avdelinga av eit stort skotsk konsern etablerte seg på Fjord Base i 1992. Firmaet driv med klargjering og inspeksjon av olje- og gassrøyr. I 2011 auka aktiviteten i Florø ein god del, og talet på tilsette auka frå 28 året før til 50.

    Florø Mekaniske Verksted AS

    (FMV) vart starta av Stig Arne, Asbjørn og Ole Brandsøy i 2003.

    Florø Mekaniske Verksted. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Florø Mekaniske Verksted. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Staro Tech AS

    vart starta i 2003 som eit einmannsføretak av Leif Storesund. I 2007 vart det aksjeselskap. Staro Tech AS leverer mekaniske tenester og produkt til m.a. oljeindustrien. I 2008 tok selskapet i bruk eit industribygg på 500 kvadratmeter i Botnastranda.

    OverFlate Service AS

    Terje Knutsen og Lars Kåre Johannessen er to tidlegare verftsarbeidarar som starta eiga verksemd for industrimåling og overflatehandsaming i 2004. I 2007 starta dei også fargehandel i det nedlagde Køff-bygget i Evja.

    Steinbrotet til Norwegian Sandstone Productions As på Seljestokken. Foto: Steinar Lote, NRK.

    Steinbrotet til Norwegian Sandstone Productions As på Seljestokken. Foto: Steinar Lote, NRK.

    Norwegian Sandstone Production AS

    vart skipa i 2005 for å drive steinbrot og steinknuseri på Seljestokken.

    Fokus Elektro AS

    vart skipa i Florø i 2005 av Svein Nødseth, Tore Nyttingnes og Magnar Nordal.

    Flora Deckhouse AS

    vart skipa i Florø i 2007 og arbeider med levering av ferdige overbygg til skip. Bak selskapet står Vestnes Innredning AS, Sigurd Solberg AS og Konnerud Consulting West AS.

    Eltrygg AS

    vart skipa i 2009 og er eit selskap som skal utføre kontroll av elektriske anlegg. Dette er kontrollar som selskapa som eig kraftnetta, er pålagde at Staten å utføre. Bak Eltrygg står SFE, Sunnfjord Energi, kvar med 45%, og BKK med 10%. Selskapet har base i Florø.

    Kinn Bryggeri AS

    i Florø vart starta av Espen Lothe frå Kjølsdalen i 2009.

    Riggservice Florø held til på verftsområdet i Florø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

    Riggservice Florø held til på verftsområdet i Florø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

    Riggsevice Florø

    vart starta i 2011 som det første prosjektet til inkubatoren ved STX-verftet. Verksemda skal drive med klassing, oppgradering, modifikasjon og reparasjonar av oljeinstallasjonar. Riggservice Florø er eigd av Saga Fjordbase, West Industriservice, Fokus Elektro, NBN Elektro og Florø Deckhouse AS.

    BG Norge

    kunngjorde i 2011 at dei vil etablere seg på Fjord Base. Saman med det canadiske firmaet TK Petrojarl er BG Norge operatør for Knarrfeltet like vest av Florø. Det er rekna med 14 tilsette på basen. I september 2012 la olje- og energiminister Ola Borten Moe ned grunnsteinen til driftsbygget på Botnaneset.

    Nybygget til BG Norge AS under oppføring i september 2012. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

    Nybygget til BG Norge AS under oppføring i september 2012. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.05.2014