Hopp til innhold
X
Innhald

Farsund Bygg

Farsund Bygg før verksemda gjekk inn i XL-bygg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Farsund Bygg før verksemda gjekk inn i XL-bygg. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Farsund Bygg vart grunnlagt i 1955 av byggmeister Oddmund Farsund (1924-1996). Forretninga vart AS i 1973, og er ei av dei største byggevareforretningane i fylket med kring 25 tilsette og med ein omsetnad på 67 millionar kroner (2009).

I 1983 bygde firmaet forretnings- og lagerbygg på Kronborg på kring 8000 kvadratmeter.

Oddmund Farsund sine tre søner, Frode, Leif Odde og Tore Farsund, har seinare gått inn i selskapet som eigarar og tilsette. Frode Farsund er dagleg leiar.

Verksemda har gått inn i byggevarekjeda XL-bygg, og har etter det namnet XL-bygg Farsund Bygg.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.10.2010