Hopp til innhold
X
Innhald

Feldes Skoverksted

Feldes Skoverksted i Utvik vart starta av Leif O. Felde kring 1900.

Feldes Skoverksted i Utvik vart starta av Leif O. Felde kring 1900.

Fabrikken låg på Kårstad og hadde opptil 10 tilsette. Felde utvikla sjølv ein spesiell skistøvel med stålgelenk, og han produserte i mange år «Utvikskoen» – ein lett sko som likna på den meir kjende Aurlandsskoen.

Under 2. verdskrig hadde Felde sikra seg råstoff ved å skjøpe opp skinn og lær som han gøymde bort i eit naust på Sølvberg på nordsida av fjorden slik at ikkje tyskarane skulle oppdage det (slike varer var strengt rasjonerte under krigen). Utvik Skofabrikk var i drift til ut på 1950-talet. Då Felde døydde, freista nokre andre utan hell å drive fabrikken vidare.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.06.2008