Hopp til innhold
X
Innhald

Fensfjordprosjektet og hamna i Sløvåg

Sløvåg Industripark med Mongstad i bakgrunnen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Sløvåg Industripark med Mongstad i bakgrunnen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

På 1970-talet bygde Statoil den nest største oljehamna i Europa på Mongstad, lengst nord på Lindåshalvøya. Gulen kommune, med dåverande ordførar Ola Byrknes i spissen, tok tidleg til å arbeide for å skape ringverknader av aktiviteten på Mongstad i eigen kommune.

Berre Fensfjorden skiljer Gulen kommune frå oljeterminalen, som har opptil 2000 skipsanløp i året. I samarbeid med grannekommunen Masfjorden og SIVA (Statens Industrivekstanlegg), vart Gulen og Masfjorden Utbyggingsselskap skipa i 1994. Seinare kom også Sogn og Fjordane og Hordaland fylkeskommune inn som medeigarar.

Hamna i Sløvåg

Det mest synberre samarbeidsresultatet er den store bunkringshamna og industriområdet som er bygt i Sløvåg lengst sør i Gulen. Her er det investert store summar i eit industriområde på 1.100 dekar, i store kaier der skip på opptil 300.000 tonn kan leggje til, og fortøyningsbøye for skip frå 50.000 til 150.000 tonn.

Sløvåg Industripark. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sløvåg Industripark. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bunkersanlegg

Kaianlegga er bygde av utbyggingsselskapet som leiger anlegget til driftsselskapet Fensfjord Marine AS.

Selskapet Hasan Tanks AS har gjort avtale med Statoil om å byggje og drive eit stort bunkersanlegg i Sløvåg, mot at Statoil har disposisjonsretten over anlegget. Anlegget kan lagre 80.000 tonn bunkersolje. Her kan tankskip etter lossing på Mongstad få spylt tankane, fylle på drivstoff og få utført naudsynt vedlikehald og reparasjonar før ny tur.

Industrietableringar

I 1998 starta selskapet Baker Oil Tools fabrikk i Sløvåg. Fleire lokale bedrifter har etablert seg på industriområdet i Sløvåg. Dette gjeld ikkje minst Wergeland-gruppa (sjå: Sementvare-produksjonen til Wergelands-folket), som i tillegg til eit anlegg for handtering av spesialavfall også har bygt ut steinknuseverk og sementvareindustri på området.

Bøyer og protestar i Brandangersundet

I Brandangersundet har Gulen og Masfjorden Utbyggingsselskap lagt ut ei stor ankringsbøye, der tankskip som ventar på lossing ved Mongstad-anlegget kan fortøye medan dei ventar på tur. Bøyene er store nok til å halde skip på opptil 150.000 tonn. Alternativet var tidlegare å liggje ute på havet og vente på tur på Mongstad, noko som kunne vere risikabelt dersom tankskipa mista motorkraft og dreiv mot kysten eller råka installasjonar i Nordsjøen. Men hyttefolk og fastbuande langs Brandangersundet tykkjer lite om det nye granneskapet. Dei protesterte mot at store tankskip skulle øydeleggje utsikt og idyll langs sundet, men vart ikkje høyrde.

Brannen etter eksplosjonen i 2007. Foto: Kåre Ness.

Brannen etter eksplosjonen i 2007. Foto: Kåre Ness.

Eksplosjon og ureining

I 2007 eksploderte to store lagertankar for kjemisk avfall i Sløvåg. Tankane tilhøyrde selskapet Vest Tank. Det var reine underet at ingen vart drepne i den enorme eksplosjonen, men 10 personar vart lettare skadde. Uhellet førde til at bygdefolket i ein stor omkrins kring Sløvåg vart uvel av utsleppa frå eksplosjonen. Vest Tank vart dagen før ulukka kjøpt av Alexela AS og skifte namn til Alexela Sløvåg. Etter ulukka brukte selskapet 500 millionar kroner på rydding, ombygging og oppattbygging. I 2011 vart den tidlegare sjefen for Vest Tank dømd til fengsel i eitt og eit halvt år av Gulating lagmannsrett. Året etter vart straffa skjerpa til to år av Høgsterett.

Ny aktivitet

I 2014 la det igjen til tankskip i Sløvåg, og anlegget vart teke i bruk att. Talet på tilsette i Alexela Sløvåg var då 16. Planen er å investere i seks nye tankar med plass til 300.000 kubikkmeter med råolje. Blir denne planen realisert blir talet på tilsette dobla.

Dagleg leiar Lars Narverud i Alexela Sløvåg etter at dei første tankskipa på sju år har lagt til kai i Sløvåg i 2014. Foto: Sindre Sunde Tveit, NRK.

Dagleg leiar Lars Narverud i Alexela Sløvåg etter at dei første tankskipa på sju år har lagt til kai i Sløvåg i 2014. Foto: Sindre Sunde Tveit, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.02.2014