Hopp til innhold
X
Innhald

Firda Canning Co

Firda Canning Co. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Firda Canning Co. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Etiketten på eitt av produkta frå Firda Canning, Ingri brisling.

Etiketten på eitt av produkta frå Firda Canning, Ingri brisling.

Firda Canning Co i Måløy vart grunnlagt i 1913 av Audun Lem frå Sogndal og Hans Søreide. Seinare overtok Audun Lem som eineeigar.

Firda Canning vart bygd ut til ein av dei store hermetikkfabrikkane på Vestlandet, med opptil 120 tilsette. Fabrikken produserte hermetikk fram til 2008, og var dermed ein av dei siste fiskehermetikkfabrikkane i landet.

I dei rike sildeåra på 1950-talet eigde Lem dei store sildesnurparane ”Lyn” og ”Lull”. ”Lyn” vart seinare utstyrt med kraftblokk og dreiv fiske etter sild og makrell i Nordsjøen. Dei to båtane vart seinare avløyste av ein større kraft-blokksnurpar,”Lem Senior”, på 1960-talet.

Sonen til Audun Lem, Jan Lem, tok over som eigar og dagleg leiar på 1960-talet, og i dag er det Audun Lem sin son, Ulf Lem, som er dagleg leiar av Firda Canning Co AS.

Lem Senior. Foto: Fjordenes Tidende.

Lem Senior. Foto: Fjordenes Tidende.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.03.2012