Hopp til innhold
X
Innhald

Fiskarbonden og silda

Sildefiskarar i Gulafjorden på 1930-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Sverre H. Sande/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Sildefiskarar i Gulafjorden på 1930-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Sverre H. Sande/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

På Byrknes har fiskarbonden fått sitt eige museum: I fleire hus og sjøbuer er det samla reidskapar, garnbruk og båtar som viser korleis mann og kone på småbruk langs kysten arbeidde og livnærte seg i gamle dagar.

Fiske frå småbåtar var eit hardt og farefullt liv. Det vitnar lista over dei tallause ulukkene i øykommunen om - sjå: Ulukker i Gulen.

Levering av sild til ein oppkjøpsbåt på Dingevågen på 1920-talet. Frå venstre Konrad Dingen, Mons Dingen og Mons Dingen senior. Foto: Thorvald Mongstad. Eigar: Gunhild Mongstad/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

For fiskarbonden var det vanleg å delta i dei årlege sesongfiskeria. Særleg vintersildfisket med landnot. Langt innover Gulafjordane var det vanleg å eige sildenot, og gode kastevågar var gull verd. I 1937 vart det største sildesteng som er gjort i Gulen sett i Byrknesøyane. Fleire notlag frå Gulen, Solund og Hordaland stengde då inne mellom 45.000 og 50.000 hektoliter sild. Notbasane som dirigerte fangsten var Eilert E. Byrknes og Eilert Endresen.

Sildefiskarar i Gulafjorden på 1930-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Sverre H. Sande/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Sildefiskarar i Gulafjorden på 1930-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Sverre H. Sande/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Elles var det også vanleg at fiskarar frå Gulen tok seg hyre på notbruk frå andre distrikt enn å utruste eige notbruk. Såleis var det kring 100 mann berre frå Brekke-området som år om anna vart hyrte som mannskap på landnotbruk i Solund.

Les meir om fiskeri og oppdrett i Gulen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 28.07.2010