Hopp til innhold
X
Innhald

Fiskemannsbudene i Solvorn

Sjøbuer i Solvorn. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Sjøbuer i Solvorn. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Om hausten når potetene var oppe av jorda, vart det skipa til «fiskestemner» i jordbruksbygdene inn etter Sognefjorden. Då kom kystfolket for hente seg jordbruksvarer i byte mot fisk og salt.

I Solvorn stod ei rekkje på ti gamle buder som vart kalla «fiskemannsbuder». Dei var eigde av folk frå «innlandsbygdene» i Hafslo og Mollandsmorki. Her lagra bøndene poteter og andre jordbruksvarer som dei hadde klar til byting når kystfolket kom. Når potetene var lasta i båten, vart desse fiskemannsbudene fylte med fisk og sildetønner.

Berre på flo sjø

Fiskemannsbudene sto på så grunt vatn at lossing og lasting måtte gå føre seg på flo sjø. Nokre av budene var bygde som rekkjehus med felles landgang.

Samstundes med «fiskestemnet», vart det også halde haustting i Tingstova i Solvorn - sjå Walaker Hotell.

Samstundes med «fiskestemnet», vart det også halde haustting i Tingstova i Solvorn - sjå Walaker Hotell.

Leigebyggarar

Heilt frå 1600-talet er det folk både på Ytre Hafslo og i Solvorn som nemnest som jektebyggjarar. Sidan Hafslo-bygda hadde Solvorn som kontaktpunkt med fjorden, gjekk denne jektebygginga truleg føre seg i Solvorn - eller dei reiste rundt som leigebyggarar i andre sognebygder.

Les meir om Solvorn.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.03.2011