Hopp til innhold
X
Innhald

Fiskeri og oppdrett i Gulen

Gulen har mange oppdrettsanlegg for laks. Dette ligg ved Mjånes. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Gulen har mange oppdrettsanlegg for laks. Dette ligg ved Mjånes. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kystkommunen Gulen har fostra mange fiskarar, og ikkje minst mange oppdrettspionérar.

Få med fiske som eineyrke

Gulen er meir enn andre kystkommunar i Sogn og Fjordane prega av fiskarbonden enn av folk med fiske som eineyrke.

Fiskarbonden og silda

På Byrknes har fiskarbonden fått sitt eige museum. For fiskarbonden var det vanleg å delta i dei årlege sesongfiskeria.

Beskjedne på fiskeri - store i oppdrett

- om bankfisket på Storegga, dorgefiske etter makrell i Nordsjøen, fiskeforedlingsverksemdene og oppdrett.

Østersdyrking i Gulen

Alt på 1600-talet vart delikatessen østers dyrka i Gulen.

Laksefisket i Gulen

Det var strilane - særleg folk frå Osterfjorden - som var føregangsmenn i notfiske etter laks.

Byrknes Snurpenotlag

vart skipa i 1913 etter opptak av Martin E. Birknes. Laget kjøpte det første store motordrivne fiskerfatyet som kom til Gulen.

Rekefiskarane på Furenes

Ved Brandangersundet ligg grenda Furenes. Sidan 1910 har Furenes vore ein senter for rekefisket på denne delen av kysten.

Oppdrett i Gulen

Gulen kommune er ein av dei verkeleg store oppdrettskommunane på Vestlandet, med ei mengd konsesjonar.

AS Fiskeforsyning

planla kjølelager på Byrknesøy.

Sognefisk AS

Fiskeforedlingsanlegget på Byrknes vart starta i 1978, og var den største satsinga på fiskeforedling i Gulen kommune til då.

Manger Fiskemat

- sjå Sognefisk AS.

Sogneskjell AS

- sjå Sognefisk AS.

Firda Management AS

- sjå Sognefisk AS.

Firda Sjøfarmer AS

- sjå Sognefisk AS.

Firda Settefisk AS

- sjå Sognefisk AS.

Firda Seafood AS

- sjå Sognefisk AS.

Firda Seafood på Byrknesøy. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Firda Seafood på Byrknesøy. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Nortuna AS

med adresse i Oslo starta i 2012 med oppdrett av tunfisk (makrellstørje) i Tunsbergpollen på Ånneland. Dette er ein svært etterspurd fisk m.a. i Japan, der det har vore betalt opp mot 7000 kroner kiloen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.04.2014